søndag 28. februar 2010

Gleda av felleskap!

Synes ofte eg har for lite fri fritid, - og har eigentleg meint at fagorganisasjonen min ELog it-forbundet, burde gå inn for AFP ved 50! Skulle gjerne ha gått under den fana i 1.maitoget, - i år er eg ikkje lenger av dei mange som er i tidleg 40-åra og går i tog - no er det forseint!
Når ein deltek i lagsarbeid, dreg på helgekurs eller nyttar ein kveld på å fare på ei utstilling i nabokommunen eller lenger unna - så går det naturlegvis ut over eitkvart! Ein kunne ha site prikkandes still og berre styrt med eige handarbeid, ein kunne hatt ein høgare standard på hushald eller kva enn ein ville ha prioritert...
For det er det, - det er snakk om, - prioritering. Det er nettopp ved å dele på tida si at ein finn at dei hine har sett og gjort og funne ut,- så uendeleg mykje meir. Eg treng den inspirasjonen som resten av verda kan by på i alt kreativt arbeid! Den inspirasjonen tek eg med meg i alle dei kvardagslege gjeremåla -.
Denne teikninga som så absolutt spelar på hjelpa ein kan gje kvarandre når ein deler avhengigheita si i ei gruppe - er slike søte små smil som delinga på verdsveven gjev ein! Denne gongen frå Selvage Blog , som brukar dei dekorative jarekantane ein finn på trykte stoff...- den delen vi kastar først i søppelbøtta...
Elles er vi i lag om å vere like snørrete og trasige av feber her i huset, - ein form for fellesskap, det også!  Ikkje nok med det;- like før midnatt kom naboen med eit nylaga glas appelsinmarmelade! Lukke!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar