mandag 1. februar 2010

Onsdag - 3.februar - handarbeidskafe på museet - mannsbunaden

Startar februar med te, klibrød, makrell i tomat og kvilting før eg skal på jobb!
Korleis skal dette ende...

Eg drikk også eit stort glas cappucino med mjølk, medan eg freistar finne varmen - før eg går ut i den store kalde verda. Varmepumpa er god å ha, men i hus bygd for meir enn 150 år sidan - med jordkjellar og relativt orginale golv - så kjenner ein at det har vorte 15 fleire minusgrader sånn i løpet av kort tid...


Plakaten for onsdagskvelden


Pressemeldinga frå museet: MUSEUMSKVELD OM MANNSBUNADEN

Er du interessert i tradisjonelle folkedrakter? Kanskje du til og med har lurt på kvifor mannsbunaden for Sogn ser ut slik som han gjer? Då må du ta turen til museet onsdag 3. februar. Her fortel Inger Øyre om korleis ho saman med Gunvor Urheim og mannsbunadsnemnda i Sogndal Husflidslag arbeidde då dei tidleg på 1980-talet rekonstruerte mannsbunaden for Sogn. Det blir høve til å sjå nærare på materialet som dokumenterer arbeidet i mannsbunadsnemnda, og denne kvelden blir dette materialet offisielt overlevert til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

På museet blir det også høve til å sjå mange av dei tradisjonelle kledeplagga som var i bruk langt utpå 1800-talet, og som nettopp dannar bakgrunnen for at dagens bunad vart slik som han er.

Kvelden er ein del av den tradisjonsrike handarbeidskafeen på museet. Folk må difor gjerne ta med handarbeidet sitt. Det blir utlodding, museumsbutikken er open, og i kafeen serverer vi kaffi, te og kaker. Det er gratis inngang, og alle er velkomne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar