Eg sit og høyrer på OL-slalom på TV'en. Via ulike sosiale media kjem mange meldingar om finever på Alperittet 2010 - dei 6200 meterane ned Roalden til plenen framfor Rådhuset på Stranda. Alperittet 2009 hadde regn og sørpever, her dokumentert med hjelmkameraet til "klaushole". Det er mest som ein får hug til dei heimlege strender - medan ein ventar på 3-mila for jentene og curling for karane - sit ein og sjekkar jordskjelv og tsunamibølga i Stillehavet...
- her har ein så smått merka annonsene -"no må vi ikkje gløyme Haiti",
- og så eit stort jordskjelv, målt til 8,8 på Richters skala utanfor kysten av Chile.
I følge Dagbladet seier professor Kuvvet Atakan ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, at jordskjelvet er over 500 ganger kraftigere i energi enn skjelvet på Haiti i januar som målte 7,0. - og det er mange mange etterskjelv...
Skulle gjerne sendt ein bølgjebrytar til Stillehavet, - det er mangt og mykje som er innanfor dei bølgjehøgdene -!
No Dagsrevyen - JÆVLIG - Støre seier Chile er svært godt budd på slike katastrofer, i motsetning til Haiti.
Samstundes viste bileta dei store akvaduktene av nokre bruer - berre var knekt - det er mykje meir enn samferdselsårer som skal byggast oppatt!
Og så over til Alperittet i Dagsrevyen, der vert Roaldshorn ( i.e. Roaldshønnje') introdusert som ROALDSTIND! - makan,- att det går an.....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar