lørdag 20. februar 2010

21 minusgrader - lett snø i lufta...

Vi gjer oss klar til siste martnasdag - med stor frokost og planar om eitt klesplagg eller to til...

Vi var med og sette opp marknadsbod i geila inn til Skjeringstadgården. Deretter var det via Posten til Sparsy - der fann vi litt meir rosa - og ein nydeleg rosa brodertråd - som eg tenkjer bruke til quilting på det rosa teppet til Ingrid. Motorsykkelstoff og nokre nydelege sytilbehørstoff og nokre oransjeraude og nokre fine - og ein meter av det graderte grøne eg kjøpte i fjor som vart oppbrukt på ein vårleg inspirert langløpar til spisebordet - og nokre oppskrifter og...
Vi var naturlegvis oppom brekkjerringane på Sangerhusloftet - det var ein betydeleg reduksjon i dei 3500 gevinstane etter 5 dagar utlodding - men vann posepose og telys-lysestake...
Ein liten kaffipause måtte naturlegvis til medan ein rulla ut lodda - 2 kroner stykke - det vert mange lodd av slikt - Etterpå fleskepannekaker og kaffi ved bålet i Skjeringstadgården -

Siste handlerunde via i Menighetshuset og kaffi og brownies til Potteriet der Trønderdesign og Skiferprodukter hadde salsutstilling, - likte linjene til Trønderdesign!

Så hasta vi attende til Skjeringstadgården der marknadsboden allereie var nesten nedpakka.
Det er naturlegvis strenge reguleringar på køyring og parkering i gatene under martnan. Banankassane vart difor borne via ein eigendom til eit parkeringsareal med tilgang frå offentleg veg, - og der sto vi og passa på banankassar medan bilen vart henta frå hi sida av Røros! - Og så ooops oppdaga vi at det nærliggande stabburet og veggar og traktortilhengarar var pissoar for den nærliggande lavvoen med serveringsløyve - ja det er faktisk litt morosamt å stå og henge på eit "herretoalett" - og sjå kor beskjedne enkelte er når dei rundar hjørnet, nokre titalsmeter unna - medan andre ikkje let seg hefte i det heile...

Vertskapet sytte føre ein nydeleg middag - vi har det godt på Tamneset -

I kveld har vi testa ut fleire variantar av Rørosisen frå Galåvolden Gård - sjokolade med kirsebær og vaniljevarianten rekk ikkje opp, jordbærsorbeten var for søt ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar