fredag 12. februar 2010

Ein minnedag - med smil og glede!

Eg var funksjonær nokre veker på medialandsbyen under Lillehammer OL på Storhove/Vormstuen. Eg var med på å sjå ein stor organisasjon verte bygd opp, den siste finpussen - nokre intense dagar - og så nedbygginga igjen og starten på demonteringane...

Før starten av slike store arrangement - ramlar små og store minne inn - slik også desse februardagane...

Denne gongen er det ein ekstra dimensjon - det er i Haifa og Ben sin by - Vancouver, BC! Vi minnest den kanadiske sommarferien vår i tilknytning til feiringa av giftarmålet deira, då vi langtidsbudde på  YWCA Hotel 733 Beatty off Robson Street , - rett over gata for BC Place Stadium - der opningsseremonien skal føregå...


Taket på BC Place stadium til høgre. - biletet er lånt frå YWCA Hotel Downtown Vancouver si side...

Om sjølve arrangementet, kan eg nok stundom vere einig med Are Kalvø .
Dei store øyeblikk derimot, når VI vinn, når det står ein norsk person, helst utan hovudplagg på pallen når "Ja vi elsker" vert spelt, er det stort! Fuktig augekrok og klump i halsen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar