søndag 7. februar 2010

Søndagskveld med litt flat struktur, - du verden kor god sofabenken på biblioteket er!

Ei arbeidshelg er over, og det er visst energien min også! Ein haug sengeklede og gardinkapper ventar ved strykebordet, og uendelege mengder av ting som skulle/kunne/burde ha vore gjort! Trur det er klokt å ta med eit stort cappucinoglas på øverste loftet og vente på inspirasjonen der...
Har ulike formeiningar om korleis "den rosa" skal angripast! Har ikkje funne nok rosa endå, - skal til Førde og Røros i nær framtid, som om det skulle vere eit problem...
Ein tur innom Trapp ned i Førde og Sparsy O. Grådal på Røros ordnar opp i det meste av rosa stoffmangel - innanfor ei tidsramme på ei veke eller to. Røros Tweed, Husfliden og mange slags faste og midlertidige buer under marknaden lokkar nok dei siste skillingane ut av lommeboka...
            

Etterskrift!: No er opptil fleire gardinkapper hengt opp, og deler av syloftet gjort klart til nye prosjekt...
Det er ikkje spesielt ideelle lystilhøve i vinduskarmen ved midnatt for fotografering, men to av kyrne frå Rørosmarknaden i fjor måtte vere illustrasjon for dagens blogg.
Ostehøvelen venta på oss på Husfliden - ikkje det at vi manglar ostehøvlar - den var berre så fin.
Kua under er frå ein keramiker i Alvdal som plar vere på marknaden, 5-6 cm høg - ven og vakker og berre til pynt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar