søndag 31. oktober 2010

Oktobersøndag med tillegg!

Har lang fredeleg søndagsmorgon - det var bonustime å hente i natt!

Har sove litt ekstra siste døgn, - elles i svært fin form!

Pent overskya mildt haustver, litt overflaterydding - og vi er klar for kva som helst !
Sjokoladefondant vert det visserligen i dag også!

Det har vorte søndagskveld, og framleis ein fredeleg dag -
vi har hatt vitjing frå folket på Ormo - åh! kusmykke - har gjort freistnader på bilde - men må visst vente til det vert dagslys!

lørdag 30. oktober 2010

Lat laurdag...

Det har vore ein fredeleg laurdag, men har hatt ein fin spasertur no i kveldinga. Må teste is med Aromaeplesmak, saman med sjokoladefondant - håpar på kaffigjester i morgon!

fredag 29. oktober 2010

Ikkje lenger farleg radioaktiv - høyrer berre aktivt radio!

Det regnar - innever - greitt med passe energi og sjukemelding då...
Melding frå Jorunn at ho er for sjuk til å halde Søndagsskule på Eldhuset på førstkomande søndag, - utsett til den 7.november.
I går vart det også stadfesta at Husflidslaget kan ha same "førjulslokale" som i fjor, - så alle som har litt tid til å produsere eller gjere ferdig må berre bruke helga til å rydde det fram...

Ooops - har laga sjokoladefondant og jordbærsaus - han hin måtte smake om eg hadde nytta sukker eller salt - syntest eg hadde brukt nok sukker i den frosne bærblandinga eg hadde køyrt stavmiksaren gjennom  - men kjende ikkje søtsmaken - endring på smak - så snart?

torsdag 28. oktober 2010

Alt vel på heimefronten

Har ikkje den store energien - men har det heilt greitt!

Sit her og kosar meg med at Bystudenten gjer det spanande med film eg ikkje ville ha funne på å gå på sjølv - frå midten av denne snutten frå BSTV i by'n!

Vi gløymer vel ikkje tradisjonen med å lage vafler når vi treng litt kos i heimen - det treng ikkje vere ein fast dag i månaden - eller i veka - og  dei treng ikkje vere like komersielle som desse på Grand i hovedlandsbyen - men eg må innrømme eg likar måten å byggje merkevare på - tidsbruk - gjenkjenning -
- sjølv om eg ikkje likar rosa...

onsdag 27. oktober 2010

Nyt augneblinken -

Er litt festleg radioaktiv - men nydusja og deilig! I dag sparte eg likevel på "bevar-fargen-balsamen", eg smilte og humra etter eg hadde brukt den klokka like før 6 i gårmorgon!

Kjøkkenventilatoren er på plass, - kjøkkenet er litt meir ryddig! Eg har tenkt å bruke litt fredeleg energi til å pynte litt meir på plass, medan vaskemaskina går.
Den verste radioaktiviteten er vekke etter 2 døgn, eg vaskar difor alt på "litt større program" - slik at det vert utvatna mest mogeleg før det fer ut i det store systemet! Dette er ikkje dagar for store klemmar, - eit anna godt råd er å vere fysisk aktiv - så eg har hatt mine minutt på trimsykkelen med utsyn til regnet og mildveret som kom i løpet av natta og avløyste vinteren.

Har tenkt å kjenne meg sprek tilogmed måndag iallefall og gå i demonstrasjonstog i Øvre Årdal, - Bente på Hauge har ordna med buss også! Meld frå via nettet eller hjelp ein kvan som treng hjelp til å tinge bussplass! Eg må avgarde om enn i privatbilen og høyre kvifor dei har sendt utanriksministeren til Øvre - det er mangt som er annanleislandet i Indre Sogn! Det er ei fin synleggjering for kva som er viktig for oss alle eller nokon vi er inderleg glade i eller nokon som treng mindre enn 3,5 time til sjukehus, ein dag det ikkje er helikopterver! Det er fole greitt at der er mikrofonar tilstades  - det er ikkje alltid likegodt i smale lojale styrerom å forstå at det kan høyrest ansleis ut for kollegaer og tilsette - og pasientar, slikt gjer ikkje anna enn å stendig svekke merkevara...
Gler meg over andre bloggar også i dag - Vox populinor! - også årsaker til migrasjon som bloggen Mittsnitt som beskriv slektsgransking...

Elles gler eg meg med at eg har fleire kassar av Ingrid Marie eple som i dag er ein ingrediens i den nydelege haustsalaten til Lone Landmand - ein av dei bloggane som eg nyt både ord og bilde på kvar einaste dag!

- og Gloppen hotell får prisen for beste mat langs vegen på Ganefart, eg melde inn cafe Herman - men det ser ut som om det er fleire gode grunnar til å legge vegen via Gloppen!

Avslutning på dagen lønningspils med kollegaer - dei færraste drakk pils, rett nok -
og ein liten tur etterpå for å teste nysteikte eplemuffins, må lage nokre for frysaren - eg også!
Eg gjer det framleis - nyt augenblinkane - og dei er gode!

tirsdag 26. oktober 2010

Første dose ferdig!

Det er pussig og godt å site her i Førde og få ein giftdrope i sekundet og kommunisere med Kjærasten og Bystudenten på nett. Allergimedisin for sikkerheitsskuld i dropeform også - saltvatn før og etter, og 4 ventetimar etterpå... Etterpå fer eg på Salong 44 for å prøvekøyre parykk, har fått gode tips av ein kollegapasient med lang fartstid i godstolen på hi sida av rommet - om kva eg skal vere budd på.
Men varmevottar slapp eg, - det ser ut som det varme genet for hender og føter frå Uksvikja hjalp meg...

Det er triveleg å vere her...
heilt sant!

Eg tek bussen vi kallar nattbussen heimatt - den er i Oslo i morgontidleg...
Etter Salong44 vert det ei vitjing på Pikant - og ein runde på Narvesen - ikkje tru anna enn at eg har det heilt greitt, - er godt budd med ein perm om alt som kan skje eller alt som kan vere lurt å vite - nett no har eg det berre heilt fint - og eg har vett til å nyte det!

Etterskrift 1: Ferga er straks på Fodnes. Sjåføren er litt ny - så absolutt ikkje av dei sjåførane som veit den gode linja og at hakkete køyring bør ein unngå, -så det vart for travelt å lese og skrive på nettet!
Det er snart midnatt - og alt vel!
Etterskrift 2: Pikant hadde fårikål som dagens - etter alle solemerker slår ikkje reaksjonar på cellegift til på magen med ein gong - så eg koste meg med fårikål - godt pepra og akkurat litt for lite salta - slik at sauen var endå betre og søet heilt snop! - Narvesen på Firda billag er ikkje lenger så god som den har vore - så eg let vere å handle der og på Libris fann eg ei gjendikting "Det er en sang/ Det er en sang" av Mahmoud Darwish i gjendikting av G. Bakke og W.P.Gallah og mykje anna nyttige bokhandlarvarer.

mandag 25. oktober 2010

I dag skjer det!

Endeleg dagen for montering av kjøkkenventilator - Far er her - slik at vi har fagfolk til å hjelpe oss, ikkje rart vi har utsett det i eitt år...
Tømmerveggen er frå 1847 eller før, ytterklednaden er omtrent 110 år gamal,  panelveggane på kjøkkenet er frå dette århundret - det er visst mangt imellom!


Eg har vore ute og køyrt på snøføre - det var iallefall litt snø på bilen!
Eg var oppom sjukehuset for å ta blodprøver som bestemmer coctailen på morgondagens innsprøyting av gift i Førde.

Eg let meg forundre over dei som alltid veit best for fylket - trist at dei ikkje skjønar at verdas navle er andre stadar. Førdeordføraren tykkjer også det er viktig å markere at fylket har eit tyngdepunkt. Ei må ikkje vegre seg for å beskrive fakta, seier Gjerland til Firda.
- det er igrunn greiast slik,-  når dei må ut og fortelje at dei er konge på haugen...

og dei som er mest gåvmilde i snitt er aurlendingane og vi lærdølene...

søndag 24. oktober 2010

Flyktningehjelpen sin dag

Flyktningehjelpen - hjelper menneske på flukt - også i det palestinske området - slik synleggjer dei kor mange som er på flukt over heile verda ,
rett i nærleiken av hotellet vårt i Jeriko er ein flyktningeleir som vart oppretta  i 1948, dei som vart fordrivne frå heimane sine då og familiane deira er framleis statslause!

Vi er heime etter ei helg i Provincen - vi har plukka det meste av epla som hang igjen - Ingrid Marie og litt vanleg Aroma - , det vert litt eplejuice - og litt julefrukt - vi får tru vi får plukka større del av eplehausten til neste år - det vart eit unntaksår på mange måtar!

I god tradisjon er adventslysestakane, - hjå oss er det kun hjartelysestakar - sett fram i vinduskarmen på stova i Provincen. Vi nyttar mobilnettet for påknappen om ikkje vi er tilstades 1. søndag i advent. - og vi hadde altså fullt med eple i lasterommet på bilen - og vi såg ikkje nokon moped!


- og Sogndal fekk pokalane sine i dag!

fredag 22. oktober 2010

Det er alltid rom for litt meir kos!










Eg trur det vert eplekake i løpet av helga -

Porten skriv slik om vedtaket i HelseFørde i dag, og Nrk fortel at styreleiaren ikkje har tenkt å legge seg ut med drosjenæringa og- i BT vert ein styremedlem sitert på at vedtaket er innovativt og framtidsretta - og meiner det er av nasjonal betydning - han må vel seie det sjølv - ingen gjer det for han/dei. Det største problemet er at vi manglar tillit til HelseFørde.
Ikkje rart då at dei sender utanriksministeren til Årdal for å mekle.
Jaja, - skal iallefall kose meg i helga - kan verte harde dagar i veka som kjem -!

torsdag 21. oktober 2010

Kveldstur i Eldhuset - Jorunn minner om Søndagsskulen 31.10.

Det snødde i by'n  idag - Trønderinna til Bystudenten frys sikkert - det er på tide å verte ferdig med det rosa teppet!
Det kom eit bittelite melisdryss her også i kveld, medan han hin skifta dekk på bilen.
Vi tek oss ein tur til Provincen for å sjå kor mykje Ingrid Marie-eple som heng igjen. - Far tek turen frå Indre Sunnmøre for å hjelpe oss.

I Eldhuset i kveld var det fleire trekantsjal på gang, -og litt juletankar.

Jorunn held snart Søndagsskule - det vert nok ein suksess som sist, husk å melde deg på!

onsdag 20. oktober 2010

Vakkert på heimeplan!

Medan vi fer utanom bøagarden, er det andre som er heime og arbeider - berre sjå kor vakker Raudestova har vorte!


Den store datamaskina vår har teke pause - at det iallefall truleg er skjermkortet og kanskje meir, seier han hin...

tirsdag 19. oktober 2010

- bekymringsdemping...

Cellegifta utsett ei veke grunna "turistmage" - ikkje klokt å fjerne immunforsvaret når noko slikt er i kroppen, seier dei som veit slikt - kan så lett bli frykteleg sjuk!
Reiste heim med uforetta sak - og leverer prøva på laboratoriet på sjukehuset heime i Lærdal...

Var naturlegvis innom Ei trapp ned og Olefine - om nokon lurte på om eg trong litt trøst i dag også!

Medan eg sat på sjukehusbussen på veg heim, fekk eg melding om at reportasjen om Marius og dei hine musikarane vi hadde med oss til Jeriko, skulle på Vestlandsrevyen 18.40 i dag.
I dag funka ikkje det trådlause internettet på bussen  http://www.b-box.no/  i det heile ,- og dei har ikkje reell kundeservice heller, men ei talemelding som seier dei skal ringe attende - dei svarar ikkje før, under eller etter kontortid - så veit ein det! Det same gjeld visst for e-postadressa deira.
Men den gamle mobilen min verka...
fekk sendt tekstmelding til dei fleste av dei som var på Jerikotur - her er lenkja frå Vestlandsrevyen 19.10.2010 - artig å sjå att musikarane og andre staute karar...

mandag 18. oktober 2010

Meg og giften min...

Har ikkje tenkt at dette skal vere rapporten frå den fryktelege verda, - men eg må dele at eg har allereie vorte minna på at eg må lese og forstå - ikkje tenkje og tru!
Skulle ta Medrol klokka 8 i dag og klokka 8 i morgon sa sjukepleiaren medan ho skreiv på konvolutten med med 4 pillarar. Var vaken litt før 8 så eg har gjort det, - på pillarkonvolutten står det klokka 20 på i dag - så eg bør freiste finne ut om eg kan få meg ein kveldsdose også...
Jaja - alt bør gjerast for å skjerpe sansane framover, - kan du tenkje - men dette er altså medisin som gjer det motsette! - Det verste er at eg humrar av skjødesløysa mi, - eg får skulde på HelseFørde, - det er litt meir politisk korrekt i mine krinsar!
Eg reiser til Førde i morgon for 1.dose cellegift og reiser heim i morgon eller dagen derpå, - usikkerheita er eit uttrykk for lang reiseveg og at ein ikkje veit korleis hjarte og resten av systemet tek imot det som renn inn via venoflonen.

Eg trur eg tek med meg åttebladrosestrikkearbeid til Førde. Eg handla tilogmed 6-kanta utstansa pappbitar på Ei trapp ned i Førde på fredag - åh, det er ein god butikk å kome inn i!

I løpet av dagen legg eg inn litt meir historier og litt meir bilete frå sist veke -

fredag 15. oktober 2010

Mangt slag!

Smiler og tenkjer på Issa frå Abu Dis når han nydeleg flettar inn uttrykket "Mangt slag" på rette staden i konversasjonen...
Sit på Sjukehusbussen og bloggar på trådlaust nett til 19 kroner døgnet! - og veit at så langt gjekk ikkje fantasien då eg skreiv stil i barndommen om fantastiske vyer for framtida!

Det er stille på bussen i dag, vart reint redd då eg kom på busshaldeplassen og fann den heilt tom! Hadde bussen gått, nei - det kunne ikkje stemme! I gårkveld stillte eg attende klokka mi frå "Lassetid", - oppretta på ein av bussutfluktene! Det er visst berre haustferie, - det er kanskje berre dei som må, som sit på fredagsbussen i dag!

Mellomskrift: - På Fjesboki nemnde eg at no var det berre arabisk kaffi som mangla - og jammen kom ikkje hjelpesmannen på Sjukehusbussen rundt og spurde om vi ville ha kaffi då vi kom til Jølster! Det var berre eit titals passasjerar på bussen - så absolutt i "haustferiemodus".

Frukost i ein av godstolane i sjukehusvestibylen, - og det er eit trådlaust gjestenett her på sjukehuset også - skjønar at eg kan nytte ventetida på mange måtar!

Etterskrift: - På heimveg - første dose kraftig dose cellegift startar tirsdag - tillitsvekkjande lækjar som likte Jeriko om våren - tilsvarande ålreit sjukepleiar som skal gje meg første dose!
Har gjort dei første tingingane om kort parykk - sidan eg har fått så mange positive kommentarar om frisyren i det siste. Det er vel no ein skulle ha satsa på lange blonde krøllar - sidan dei seier "blondes have more fun",- kan vere eg treng det no...
Ja, det er mangt slag...

torsdag 14. oktober 2010

Heime igjen

Attende på Øyri 20.45
- ei heimreis som varar vel 30 timar merkast på kroppen!
I postkassa låg brevet om at eg er venta på sjukehuset i morgon klokka 11.00
- eg er fordømt trygg på ein ting
- ei vekes utsetjing på cellegift var greitt!

onsdag 13. oktober 2010

Heimreisedag -

Reiser frå Jeriko klokka 12 til Jerusalem - sjølve flyturen startar ikkje før i 5tida i morgon tidleg. Vi skal ha ein lang ettermiddag og kveld i Jerusalem og ein del timar på flyplassen i Tel Aviv før vi flyg heimover, - først mot Wien og seinare til Gardermoen.
Det vart jukekrybbehandel og vasspipehandel i går.
Møte med muren i Abu Dis og vitjinga på Arafat si grav var sterke augneblink.

tirsdag 12. oktober 2010

Tysdag - Ramallah og Betlehem

Vi gjer oss klar til å vitje Arafat si grav i Ramallah og Betlehem med Fødselskyrkja og omliggande marker - begge stadar har butikkar med store freistingar - så det kan lett verte ein dag ein må halde godt på pengane!











Jerikoku 2010

Eg har forlengst handla ku hjå min lokale kuselgar, Fares,- han har svensk kone og eit lengre Sverigeopphald bak seg. Han har vore Anna sin faste leverandør av smykke sidan første gongen ho var her  for 13 år sidan, etter det har ho sørga for at mange lærdøler har handla der. I fjor stod kua og venta på meg i utstillingsvinduet - eg nemnde det for Fares at eg handla ku i fjor - og langt baki på ei hylle fann han fram ei kort armlenke med ulike påheng. Han hadde kjøpt det for lenge sidan i Egypt - og rekna det vel knappast som salsvare lenger. Han plukka av kua på armbandet, - fann ein litt større ring til å henge den i og fann fram lenkene han syntest passa til ei litt mørk ku!
Med andre ord - eg har framleis ikkje kjøpt noko Fares har laga, - men eg har iallefall kjøpt smykke hjå han!

Bloggaren Kort møte i høgre margen har "som vanleg" allereie skrive langt og godt forlengst og legg bileta rett ut også - medan eg planlegg dette som etterarbeid når eg kjem heim og legg bileta på den andre maskina!-

mandag 11. oktober 2010

Etterpåbingo - kan vere eit godt dagen derpå ord!

Drikk arabisk kaffi i lobbyen på InterContinental Jericho, - dei staute servitørane freistar få meg til å seie "utan sukker" på arabisk. I dag er det ei italiensk gruppe som lagar ein del støy - dei har med seg minst ein prest - det er tett av religiøse pilgrimsplassar for vaksne italienske damer også her!

Elles er det interessant å oppdage - at det er større aktivitet på ein måndagsmorgon - enn ein søndagsmorgon - det har vel samanheng med at dette er eit internasjonalt hotell!

I dag er det kulturutveksling i Lærdal Park som står på programmet - ein del førebuingar som inkluderer steiking av vafler her på hotellet i førekant.

- og eg har enno ikkje rukke å kome meg til YWCA butikken!

etterpåskrift - mykje å fortelje om denne dagen - har vore på YWCA- butikken -men det var stengt!

søndag 10. oktober 2010

Jeriko feirar 10.000 år

Drikk arabisk kaffi i lobbyen på InterContinental, - har funne ut at det må vere nett like mange tungemål her som ein sommardag på gatetrappa heime!
Det vert for lite tid til å fortelje kva som skjer heile vegen - eg skriv også http://www.jericholaerdal.org/  - reknar med at Arve Uglum også dokumenterer godt - og etterkvart vert det også i Sogn avis.
Men kjem til å fortelje meir når eg er heimkomen!

I går drog halvparten av gruppa inn til byen med Issa for å gå på vasspipefortausbar - ei spanande oppleving - det vert nok med vasspipe heim! - No er det på tide med frukost!

Den offisielle feiringa skal foregå på det palestinske politiakademiet, - før den tid er det ulike program.
Våre musikarar spelar på scena i rundkøyringa ved rådhuset 16.30.

lørdag 9. oktober 2010

Laurdag i Jeriko

Ein ny dag ventar i Jeriko, frukosten er unnagjort og vi tek taxi til Kids Club der musikarane våre skal øve - eit greitt utgangspunkt for ein handle og kiketur på by'n. Vi må også vitje Hishams Palass i løpet av dagen.
Ein del nyttar badeanlegget på denne "kviledagen", ei av våre hadde hatt ein nydeleg avlappingsmassasje i Fitness senteret ved hotellet på morgonkvisten, det høyrdest ut til å vere meir enn verdt å prøve!
Alt vel!

Mellomskrift kl 1800 - snart "allmøte" - vi har hatt ein dag utan fellesprogram.
Vi vitja Kids Club og leverte nokre gåver - var på ein liten rundtur - fekk nokre spørsmål på telefon - var innom rådhuset og traff Tatjana som ville lære å lage vikingsmykke, utstyret har vore plassert i Kids Club sidan vitjinga frå Jeriko i 2004. Fleire tilsette var interesserte - då er det greitt å kunne seie at vi har den rette karen med oss.
Det gjorde det endå meir interessant at det var ein kar som lærde det frå seg...
så no har han hin helde eit grundig lynkurs på Kids Club.

Vi hadde ein god stor grillmiddag med alt innhald og for vidare til Hishams Palace - som eg skal fortelje meir om... - no allmøte!

På allmøtet vart vi oppdaterte på programmet i morgon -the Lærdal Music group skal spele på scena i rundkøyringa ved Rådhuset klokka 1630. Vi deltek på det offisielle arrangementet på det palestinske politiskulen.

I kveld har vi vore på vasspipebar, - og det er heilt klart det vert handla vasspipe til bruk på gatetrappa i Øyragata.

fredag 8. oktober 2010

Fredag i Jeriko

Er straks klar for frukost i 9.etasje på InterContinental i Jeriko, ei kort natt svevn.

Etterskrift!: Gondolbana til Freistingsfjellet, - vitja Klosterkyrkja der og var innom fleire av turistvareutsala der og på utgravingsområdet på Tel Jericho - der ein finn "bevisa" for at det har vore bydanning ved kjelda i oasen i 10.000... Der møtte vi nokre norske deltakarar frå ei reise som vert arrangert for ulike deltakarar av fagrørsla. Etterpå såg vi Elisjas kjelde - der også Norge har bidrege med sikring og rensing av vasskjelda som syter for det meste av vatnet i Jeriko. I fjor var dette området ein kaotisk byggeplass, i år drakk vi myntete i anlegget ved kjelda! Her sit vi i trappa ved kjelda - nesten alle saman!



I år vart det også fotostogg ved Morbærtreet som Sakkeus klatra i for eit par tusen år sidan - får finne referansepunktet i Bibelen seinare, rett ved treet vert det bygd eit russisk museum - også dette parkanlegget skulle vere ferdig til i morgon!



Middag på hotellet der ordføraren av Jeriko kom og vitja oss, vi hadde ein lauseleg invitasjon til å delta i ein del av palestinsk bryllupsfeiring - det vart vel travelt for verten vår så den delen av avtalen vert usett til laurdag.
Ein fredeleg roleg kveld i restauranten ved badeanlegget på hotellet!
Alt vel!

torsdag 7. oktober 2010

Dagen er komen!

Klokka er passert midnatt på reisedagen, - det meste er pakka - skal stå opp om 4 1/2 time.

Vi er vakne og snart reiseklare, yoghurt og te smakar best - det vert vel frukost på Flå eller noko slikt! Det som no ikkje er med - får vente til neste tur!

Sit på hotellrommet på InterContinental i Jeriko, er nydusja og prøver å drikke litt vatn for å kompensere for væsketapet, før eg legg meg til for å sove etter eit langt reisedøgn!
Bussturen til Gardermoen gjekk greitt, stogga lenge nok til å kjøpe iskaffi på YXVang i Valdres, og fekk oss frukost på Valdresporten noko seinare.
Bøkene frå Tanum var klar på Gardermoen - ein del arbeid med bagasjesending - men ikkje verre enn ein kan vente. Flyet Gardermoen-Wien letta og landa i rute, ein eldre flymodell - god plass til føtene tilogmed!
Handla ku og parfyme på flyplassen, leitte etter sommarhatt!
Wien - Tel Aviv hadde eit større fly men trangare, varmare og pasta med tomatsaus og kylling og ein fruktpure til dessert. - av alle dei filmar som kan tenkjast visast på eit Austrian air fly ein oktober kveld - var naturlegvis den nye karate kid filmen - retteleg ein Lærdalsfilm!

Vi heldt oss på same brune cafe på flyplassen, åt italiensk is, og kyllingwok...

Det gjekk brukandes, lang ventetid men høvisk og greitt gjennom ankomsthallen.
I Tel Aviv sto bussjåfør og guide og venta på oss, - og køyrde ein annan veg til Jericho enn sist -
så vidt innom Jerusalem - så vi har sett Klippemoskeen på nattestider...

God å kome attende til InterContinental - dusj var særs viktig - det har vore ein varm dag!


onsdag 6. oktober 2010

1 - det er forventa nedbør i Jeriko i helga også!










Drikk te. Det regnar. Tenkjer høgvyrdige tomme tankar. I morgon på desse tider har vi passert vasskiljet - på veg mot Gardermoen.
Det er pakkedag og sisteaugneblinks planleggingsdøgn!
Livet er godt å leve!

Mellomskrift - Vi tenkjer og planlegg og tel og pakkar - 100 refleksvestar for småungar - 50 bærenett og eit tredvetals bøker skal også med og andre smågåver, - eit par datamaskiner, ein del foto-, video- og opptaksutstyr, og litt klede som Mari skreiv det så greitt - er pakka med omsyn til både heten og anstendigheten...

Mellomskrift - Raudestova vert stendig vakrare, medan eg driv med alt anna - måtte avgarde og ta nokre bilde - no er det glas og bordkledning ned til muren.

Bystudenten har fått låne ei bunadskjorte og ein bunadsvest på Ljøsne - vi har vore på køyretur - det fossar vatn ned frå fjellsidene - det bles og regnar - nett no er det 10 1/2 time til vi fer - pakkar koffert!


tirsdag 5. oktober 2010

2 - blogging på bussen!










Tilogmed på sjukehusbussen er det trådlaust nettverk som verkar. Det er trangt på bussen, - men når hjelpemannen/billettøren er gått av bussen i Sogndal på heimatturen, så står skrivebordsplata hans ledig, - fint det! Eg er ikkje heilt sikker på om Sogn billag har same definisjon for komfort som dei hadde tidlegare  - det kan vere at der er rullestolheis - men er ikkje sikker på om eg skjønar kor rullestolen skal stå...., men det kan jo vere gjort i ei handvending å fjerne nokre bussete, for det eg veit...

Kontrastvæske i begge hender og ein mugge kontrastvæske til å drikke, jaudå det var kontrastane i meg som kom fram i dag - i tillegg til meir ultralydundersøking.
Nokre sjukehustilsette fortel alt som om det er fyrste gong og spesielt til deg, - på CT var det ein slik kar i dag!
Andre går ut frå at du har høyrt det før, er lei av å gjenta seg sjølv - då vert det stundom litt snautt...

Kake frå Naustdal dampbakeri vart dagens kos!

Kjenner eg gler meg litt til å synke ned framfor tv'en og statsbudsjettet...
Langdagen verkar inn, - har vel ein del ting eg må ordne i dag også...
Bystudenten kjem heim i kveld, - noko ekstra god kveldsmat bør det verte råd med!
Det spørs om han vert overraska med heimelaga pizza! 

Dagen derpå etterskrift!: Det einaste eg fekk med meg om statsbudsjettet var at Tora hadde trukke attende forslaget på endringane til 10 månadsutbetalingar frå Lånekassa allereie, -
det vart Grandis til kveldsmat - men han hin var ikkje nøgd med smaken av den tynne versjonen med mozarella - han fekk ny!

mandag 4. oktober 2010

3 - reisefeber


















Tusen takk for nydelege blomar på spisebordet!

Trur det er sunt med ein overgang frå nesten +20 grader på Øyri til i underkant av +30 grader i Jeriko. No har vinden løya litt igjen - så det er berre fin sommarvarme ute.

Er innkalla til fleire større røntgenundersøkingar pr telefon til Sunnfjordby2 i morgon, - og kan stadfeste at eg nytta nyerverva kunnskap! Bad om at innkallinga vart sendt pr fax, så eg har noko å vise føre meg både på sjukehusbussen og på nucleærmedisinsk seksjon. Bratte læringskurvar kan vere greie!
Det var eigentleg ikkje lov å sende personinformasjon på denne måten - men uendeleg mykje enklare for den heldige brukar!

Har nokre prosjekt eg skulle ha gjort ferdig før eg reiser, har til Mor si store forundring ikkje funne fram kofferten endå - det vert nok seinare i dag!

Etterskrift: Eg ser det vert vanskeleg å verte ferdig med alt ein skulle ha gjort før reise, men er komen så langt at eg rekk det eg rekk. Kofferten er ikkje funnen fram, - men du verden så mykje som skal med, - møtet i kveld viste at det vert fulle koffertar hjå dei fleste! - og eg gler meg - for ein fin gjeng!

søndag 3. oktober 2010

4 - heftig vind løyer litt - MC til vinteropplag!

Vi tok inn alle utemøblane i går, og det meste av krukkene: Det har blese heftig sidan fredag, temperaturen har stige meir enn 10 grader.
Det syng og durer og vibrerer og smell i slike gamle hus, - reknar med at denne helga har medført ein del skader rundt forbi...

Har kost meg med nye quilteblad - og fordøyer dei siste heftige døgna - som å setje meg inn i Pasientreise-systemet...
Har tidlegare meint det har vore mykje bestyr, - for eit lite resultat for attendebetaling ein gong i framtida, - trur eg las ein kvan stad at refunderinga skjer innan 3 månader - men det er ikkje så gale no lenger. No ser det ut til å verte litt meir bruk for...

Det manglar litt i førstelinja hjå sjukehuset i Sunnfjordby2, - seier ikkje at det er deira feil, og bevisbyrden ligg så absolutt til den heldige brukar.
Ein har ikkje noko dokument å vise for seg når kirurgen som er på Brystdiagnostisk senter på torsdagane, ringer etter si arbeidstid.
Skulle møte klokka 12, - det ville verte noko venting - fordi eg skulle puttast inn mellom pasientar, vi var budd på det med godt med lesestoff.
Kunne naturlegvis teke Sjukehusbussen like før 7 og kome fram like før 10, - betalt på vanleg måte som reisande, for eg kunne ikkje ha dokumentert at eg var pasient...
Han hin veit at det finst tidspunkt i livet då det er meir enn særs godt å ha nokon, han køyrde til sjukehuset og vi er der i god tid.
Møter opp i luka - og får beskjed om å vente på kirurgisk poliklinikk. Sit i 2 1/2 time og ventar, inntil nokon kjem og nemner namnet og seier eg skal vente på venterommet i 3.etasje. Nokon hadde sett etter oss, for kirurgen kommenterte at eg ikkje lenger hadde langt hår som sist, 2.9.!
Eg skulle truleg ikkje høyrt på førstelinjetenesta, men gått rett forbi - og plassert meg på venterommet og håpa at nokon kjende meg igjen...

Etter den lange samtalen fekk eg beskjed om å gå ut i resepsjonen i vestibylen - for å hente kvittering for oppmøte. Den tilsette kvitterer ut at drosje og følge er unødvendig, og gjev meg ein ferdig adressert konvolutt med eit ark og ei 4-sidig rettleiing - som eg kan bruke inntil "8 gongar". Ho har definitivt ikkje lest, forstått eller sett! Dette dokumentet ho deler ut med høgrehanda som står så lett tilgjengeleg - der mellom anna klokkeslett for behandling er eit gjennomgåande tema..., kanskje ho refererer til at det er 9 linjer på pkt 3. Reiseutgifter til og fra behandlingssted.
Eg fekk kvitting for poliklinisk behandling ved kirurgisk avdeling datert og signert,

og så les ein nestsiste pkt 8. Sjekkliste for nødvendig dokumentasjon...

... oppmøtebekreftelsen må inneholde dato og klokkeslett for behandling - stempel og signatur fra behandler...

Sjukepleiar og kirurg har kanskje heller ikkje lese, - bevisbyrden ligg på den heldige brukar. Eg skjønar kanskje ikkje kvifor behandlar skal belemrast med slikt kontorarbeid...  Må visst lære meg dette å krevje dokumentasjon og tidspunkt, - det betalar seg ikkje å surmule etterpå - får vel ikkje betalt for rimelegaste reisemåte heller, når det ikkje kan dokumenterast når, eg har vore der...

Jaja, - å ha han hin med seg slike dagar kan ikkje betalast med pengar, - det er betydeleg meir enn tapt arbeidsforteneste og reiseutgifter Pasientreiser og helseføretaka har laga eit skjema som krev større kunnskap i alle ledd...
Misbruk er utgangspunktet, - underforbruk av rettar er resultatet, - det betalar seg sikkert.


Etterskrift - og vinden tok seg oppatt - vi tok MC'en min på tur i lasterommet i bilen og plasserte den i vinteropplag..., er spent på om eg greidde å få skikkeleg bilde av den elektriske bilen og rullatoren i MCspegelen, har øvekøyrt begge i dag!

Vi nytta høvet og greidde å kapre eit 4 mannsbord på China House i Øvre rett før alle andre som ikkje hadde tinga bord kom,
nydeleg mat, rask og grei service - vel verdt å vitje igjen! Vi har ete relativt mange gangar  på restauranten i Sogndal og på Voss, men aldri den i Odda...

Sogndal vann, - og på Leikanger baka dei verdens lengste eplebitkake! - BT fortel om heite netter i oktober!

lørdag 2. oktober 2010

5 - framtidsvyer

Handla Allers juleideer saman med mjølk og helgemiddag på Coop i går kveld.
Ikkje av dei mest forlokkande julemagasina etter at plasten var skrella av, -
men der var opptil fleire gode idear å bruke, - det var ikkje det... 
men eit Fons&Porter's Quilting - Easy quilts frå beste bladbua i fylket - Narvesen i Gravensteinsgata i Sogndal, lovar meir!

I postkassa låg Quiltemagasinet - av dei finaste på lenge!

Fyl Vox populi - Knut Johannesen sin blogg - fredagslyrikken hans hadde rette perspektivet denne gongen også - uendelegheit!

No er vi klare for laurdagsfrukost på Pensjonatet!

Mellomskrift - der fekk eg boksen med desse 4 koppane fordi dei har stått å venta på ein god dag for slikt - kjøpt på museumsbutikken i Mosjøen på tur nordover...



fredag 1. oktober 2010

6 - sjukehustur istaden for epleplukking i Provincen

Far skulle kome og hjelpe oss med epleplukking denne helga, sidan neste trulege epleplukkehelg kan vere om tre veker. Første helg etter Jerikoturen, er arbeidshelg.
Frukta er sein i år, men lenge som tre veker til heng det meste av epla nok ikkje... Med unntak av Ingrid Marie - det kan bety flott farge på eplejuicen vi får pressa sjølv!

Fekk melding på jobb sein ettermiddag i går, om at eg burde ta meg ein tur attende til Førde i dag, for å sleppe å få vite kva planar sjukehuset har om behandling pr telefon. Blei sjuk i juli, og no er det oktober, - men det betyr at han som tok grovnålsbiopsi for første gang på ein pupp sist torsdag, fann det han skulle! Eg skjønar eg slit litt med tilliten til systemet, - nokon i Førde må gjere noko for bygge den oppatt!

Etterskrift - 6 rundar cellegift før operasjon, - skulle ha starta i veka som kjem - reiser framleis på tur -  røntgen neste veke - startar med cellegift etter at eg har feira Jeriko.