lørdag 12. juni 2010

Våt laurdag

Har nett sjekka yr.no - der er denne verradaren for Sør-Norge og naturlegvis er det utsnittet som er der nett no ikkje det same som nårsom helst det vert lest, - men yr.no fortel iallefall at mitt regnver er "lett"!
Kjensla av regnet vert naturlegvis styrkt av at regnskodde ligg ned i "hårgarden"! Den trykkande kjensla frå fredagsettermiddagen, gjer det naturlegvis ikkje betre.
Har hatt gleda av å kose meg med det ferske Quiltemagasinet, - av dei fine artiklane er ein presentasjon av Nina Lise Moen, med bloggen Mrs Moen, ein blogg eg har gleda meg over lenge!
Fekk så inderleg lyst til å lage ein kvilt med uttrykk!
Samstundes vert eg minna på at eg har godt igangsette kviltar som slike fine kom-i-gang-og-sy-restetepper artiklar som dei av Julie Kvamme, Tove Fevang og Magda Imregh, kan få meg i gang med ferdiggjering igjen...
Det er arbeidsdag - og sykkeldag - men det treng ikkje å regne så mykje...
Etter jobb og før løpet rakk vi ein tur på Kvammes og fekk testa kakedisken - kan verte greitt å ha ein kakedisk i nærleiken også! Nytt vertskap på Kvammes, opna i dag!
Det gjekk bra med sykkelløpet - vi naut heile opplevinga på 1 time og 45 minutt - til Diplom yoghurt-karamell og -brownies - og salte peanøtter...
Skulle kome attende med lenkjer til alle sportsjournalistar som var her for å dekke løpet. Det er sumar i Lærdal og naturlegvis var det ein latviar som var mest uthaldande, denne gongen Bekmanis!
Romøren i Sogn avis fortel at det var latvisk vinnar i striregnet opp til Holsbru i går på Årdal Criterium - Skujins. På temporittet i føremiddag var det to nordmenn som greidde seg best, Stensaker ni sekund betre enn Fordal på andreplass!
Det er greitt med litt nærleik til sportsarrangementa for oss som ikkje finn det naudsynt å følge med på fotballVM, - endå.
Men som apropos til alle matgledene det har vore blogga om - laurdagens Nemi frå bt.no måtte berre lånast:

2 kommentarer:

  1. Eg les urovekkjande mykje om grilling, is og kaker her for tida. Er så lettpåverkeleg i slike høve. Sykling, derimot - - bit ikkje på.

    SvarSlett
  2. Lufttrykket etter eit stor gruppe syklistar i den relativt smale gata - er reellt! Vi er nesten med i løpet...
    Det er lite tid til sauming dessverre - neste halvår derimot...

    SvarSlett