Dagen for oppattrydding - middagskvild og litt sauming... I morgon er det jonsokbål ved pøyla på hi sida av Løyntnantsbrygga - mogeleg at det vert andre år på rad utan regn -!
Det er bjørnejegarar på laust i kommunen - with a licence to kill...
Det er motbør på HelseFørde vedtak - i helga kom Fylkeslaget i SV sitt forslag - i dag krev Liv Signe at HelseFørde vedtaket vert overprøvd - og årdølene har kremta sterkt... og alle undrar seg over det berekraftige tiltaket til HelseFørde - sende maten som returlast med ambulansane som må køyre tomt heimatt - eller var det ikkje heilt slik...
Folkebevegelsen for lokalsjukehusa var naturlegvis samstemte i helga,- og aurlendingane har bestemt seg for å la vere å freiste få ned alt laust fjell... - og førdianarane har nettopp funne ut at dei burde hatt lengre stigar på brannbilane sine - og Øberg har funne ut at det kan ende med katastrofe for stigane rekk berre til 3.høgdi - høyrest gjennomteknt ut, det!
På Leikanger likar dei at bålet er stort og vidt, medan ålesundarane strekkje seg litt høgare - verdsrekorden er naturleg mål!
Samferdselsministeren opna designdoen på Linge - sånn i forbifarten i dag på veg til å opne dette hotellet i Valldal - men helseministaren er med på opninga av bybanen i byn - her er prøveturen - det er visst sumar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar