søndag 27. juni 2010

Fred på landet

Einaste støykjelde er Reiseradioen,- og ein kor sjeldan gong ein traktor som startar opp!
Seglbåten som måtte gå på motor i heftig motvind i går - eller ein som likna,- låg i lang tid ved Grinde i håp om å finne nok eller litt vind...
I veka som kjem skal eg sy - fleire gongar - skal ikkje starte på noko nytt - men gjere ferdig - og drøyme om å bruke litt av stofflageret mitt seinare i sommar...
Les at politiet har hatt det travelt i fylket i natt - dei rakk visst ikkje alt dei heller -
og at Gjerland og Følling meinar at lojaliteten til innbyggjarane i Sunnfjord sine behov bør telje meir - sanneleg gode signal å gje i desse nominasjonstider -
Det forbausar meg at desse midtresunnfjordingane ikkje skjønar seg på resten av innhaldet i sentralisering.
Kan ikkje anna enn filosofere vidare kring historia om dei tre jentene som skulle dele ei litt for smal seng - ho i midten minna dei på at dei berre måtte pakke dyna godt rundt seg - det var ikkje så farleg med henne...

Etterskrift - ugras er noko herk... - men du verda så greitt det er når jobben er gjort - vakkert ver og opne dører og glas - tilogmed myggen har funne vegen inn på kjøkkenet -
det er godt med ei langhelg i provincen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar