søndag 20. juni 2010

Marknadssøndagen

Knallblå himmel - litt rørsle i bjørkelauvet hjå naboen - men ikkje verre enn at eg trur på godt ver...
Ein typisk dag då ein om morgonen kjenner seg som ein lightversjon av Tordenskiold sine soldatar fordi ein skal vere tilstades så mange plassar samstundes, - og i kveld fortel beina fortel heilt sikkert at noko lightversjon, er eg iallefall ikkje...

Også denne marknadssøndagen har eg tenkt å delta i gudstenesta i Kvammegården.

Etterskrift: Helene prest og hennar medhjelparar laga ei fin stund med himmelen som tak og eit kafebord som altar - som ho plar seie!
Vakkert pynta med fine tekstilar og kyrkjelysestakar og døypefonten frå Hauge kyrkje - og reklamebanneret til Lærdal energi som bakteppe på utescena - berre vent, vakkert og nydeleg!

Etterpå rakk vi kuleis frå Feios is og ein bitteliten runde før eg var i Gamlebakeriet til marknaden var over.
Lærdal bygdekvinnelag brukar i følge heftet deira ca 1 dl semulegryn pr liter rømmegraut - 16 kilo semulegryn vart for lite denne helga - det seier litt om mengdene bygdekvinnene i Lærdal produserer  - og det er mange ulike serveringstilbod under marknaden - så det har vore litt folk på Øyri desse dagane!
No er alle marknadsbodene plassert ved montørstasjonen - freden senkar seg - sola skin - gjestene våre ser fotballkamp.
Etterpå var det teogkaffivitjing av nokon som berre tilfeldigvis kom forbi i rett augneblink, - fint det - å bu slik til at to damer som kjende kvarandre for 60 år sidan kan dele felles minner...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar