tirsdag 8. juni 2010

Taffelmusikk til kveldskaffien -

 tidleg i juni - er det igrunnen ganske greitt!
Fleire års erfaring gjev oss etterkvart relativt raskt ide om kva land som er representert i nærleiken av pianisten hjå naboen - nokre turistgrupper er også svært syngeviljuge, - andre kveldar er det musikk for den einskilde personen.

I august, i ein god sommar, er vi dritlei repertoaret. Ein stand-in ved tangentane er alltid velkommen, - det vert ein del gjentakingar...

Framleis med tanke på fjorårssommaren - det er enklare å godta same repertoar på musikken enn så tette repetisjonar på regnver, at vi nesten gløymer at vi kan ha taffelmusikk sånn på det jamne til kveldskaffien - eller vinglaset for den del...


I dag sov vi middag på kvar sin benk i bakhagen - Ingrid sitt heklateppe er fotografert av fleire hjå naboen - vi får vere observante på nye bilete på Flickr!
Hyggeleg kaffi-og-is-vitjing i dag også, - denne gongen litt meir langvegsfarande og altfor sjelden!

Wikipedia primstaven fortel det er Medardus og Gilardus, og primstavmerket for dagen er ein fiskekrok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar