lørdag 26. juni 2010

Lang laurdag i provincen

Vi rakk ikkje middag på Herman i gårkveld på Leikanger - ope til 01.00 - men matservering "berre" til 21.00!
Litt snurtne for vi vidare 21.05 og ordna ein bondeomelett og nysteikte baguettar til seinkvelds etter at bilen var tømt og det grøvste utpakka.
Regnet kom attende etter at vi vel var komne i hus! Det har vore ein vindfyllt morgon og føremiddag, men no er vi utkvilde og klare for å gå ut i sola og vere litt bønder. Det er godt å vere langt ute i provincen, relativt stor blå himmel med litt lysekvite skyer, bølgene på fjorden har roa seg ned - minst to cruiseskip har fare innover og målaren på kjøkkenvinduet viser 20 grader varmt!
Har site og filosofert over politisk avmakt og praktisk bruk av makt og veit at manglande truverdigheit og forklaringsproblem er å finne bak mange dører no tildags, også innanfor utviklinga av ein ny sjukehusstruktur.
Verda kallar!

Han hin har vore flink bonde - eg har gledd meg meir over livet og freden -!
No ventar grillen og nye Lærdalspoteter -!
Sidan Ole Johannes Ø. ikkje er her, kan vi snakka skikkeleg om poteter, politikarar og Palestina - men også om plommepung, septiktankar og ugrasbekjempelse og feiring av 90årsdag med rømmegraut og spekemat - tru om det hadde kome gjester til Provincen då ...

På veg ut i Osen for å vitje folk med stor uteplass og fjordutsikt i går kveld, fann vi ut at det er måsereir i nærleiken av vegen ovom skulen - stor angrepsvilje frå heile storfamilien. Har alltid likt Odd Børretzen sin  "jeg hater måker" - har dei siste åra funne ut at det er matinga av måsene eg set minst pris på - fordi dei då vert stadbundne...

Sidan det var snakk om Jeriko - må eg legge ut denne fine Jerikovideoen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar