onsdag 9. juni 2010

Fridag utan morgonkaffi!

Vassnettet i nabolaget treng som tidlegare avbilda ei lita oppjustering! Når vi no har fått brannvarslingsanlegg som går direkte til alarmsentralen i Florø, så er det greitt at det finst vatn til å sløkkje med også! Vi fekk varsel i postkassa i går om at vatnet vart vekke, så vi var budd med vassreservar i både vasskokar og muggar med lok - men så tok dei straumen også, - før vasskokaren var sett i gong!
No er freden gjenoppretta - første føremiddagskaffiglas er drukke - verda er vakker - og eg har visst ikkje lenger trong om å sitje gjerandslaus på gatetrappa...

Via Twitter fekk eg oppfordring om å sjå denne videoen med Roger Waters - We Shall Overcome som oppfordring til å få slutt på blokaden av Gaza - ta deg drygt 5 minutt og sjå den!

Cup'en - gjett kven som ikkje berre slo Molde - men knuste Molde; - sjekk Sogn avis! og denne og denne frå Nrk.

Det var eit uplanlagt straumbrot i dag, oppmerkinga på straumledninga tvers over grusplassen i Kvammegården bomma med ein meter i følge rykta.

I dag var også første etappe i Norsk Syklefestival - Fagernes-Lærdal. 3 timar 18 minutt og 15 sekund var det Toms Skujins frå Rietuma Delfin Latvia trong av tid over fjellet! - sjå Porten sin reportasje.
Har hatt ein liten runde i nabolaget - etter ein runde på gartneriet, - ein liten biletserie:


1 Gravemaskina i Kvammegården med Eldhuset, Gamlebakeriet og Kvammes
2 Porten i bakhagen til Husumhuset har vorte kopiert i vinter - i dag var den nye på plass!
3 Taket over scenegolvet på utescena i Kvammegården er på plass - litt arbeid står att - dei vert nok ferdige til Marknads!

4 Framhagen i det gule huset til venstre, Sjøstrand, og bakhagen i det same huset er alltid vakker - ho har betre hand om blomane sine enn dei fleste av oss hine - også Fjøreknappen!
Holet i taket på Lindstrømnaustet - det høgaste taket bak det lysegrå huset, skulle forlengst hatt litt kjærleik og omtanke..
5 Denne gongen ei tysk bussgruppe på spasertur i gågata. Turistkontoret og reiselivsutstilling i det rosa til venstre, Kristen Olav sitt galleri rett fram, med Kvammes kafe som opnar på nytt denne helga med nye eigarar i det raude bygget bak og Ellen Ørnes sin butikk til høgre.
6 Den opne porten inn til hagen til Helvik-huset/Ouren-huset gjorde det ekstra lokkande å gå inn og kike!


Wikipedia  primstaven fortel at det er Kolumbamesse eller Kolbjørn med laksen.  Primstavmerket for dagen er ein fisk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar