fredag 11. juni 2010

Klassiske Lærdal - for 26.gong!

På føremiddagen i morgon er det temporitt på RV5/E16, - på ettermiddagen er det 60 rundar Klassiske Lærdal -Øyraplassen-Øyragata-Grandanevegen-Øyraplassen, for alle som berre skal gjennom kommunen vår eller berre på KIWI betyr det litt styr...
Når ein bur så sentralt som vi gjer i denne samanhengen - både Kiwi, arbeidsplass, bustad og eigen gangrett til nyopna kafe innanfor denne sirkelen - så har ein det greitt ein laurdag etter arbeidstid...
Eg skal sitje på benken på gatetrappa og berre nyte - og ta litt bilete naturlegvis, - bør vel kanskje ha kyradrikkeflaska mi med ut då! Neste helg er det Lærdalsmarknad - då er travelt på ein heilt annan måte!

Eg kan jo alltids la det gå innover meg at det er WWKIP-dag  Verdas strikk-offentleg-dag i morgon - ikkje måte på kva ein kan få gjort berre ein sit still nok! - Nrk har også har oppdaga at det vert drive internettstrikking og forsking på denslags, les artikkelen som hjå Nrk er definert som krysningspunktet mellom underhaldning og kultur!


Til høgre er putetrekket Fjällko med blåa blommor - eit av produkta til kunsthandverkaren  Ann Granlund - det vert truleg ikkje butikkrunde i Mariehamn på Åland denne sommaren heller -
det må vere vakre draumar på ei slik hovudpute!
Dagen i dag vert ikkje huska for at fotballVM starta.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar