søndag 4. juli 2010

Lukka er å ha kontroll på sykkelen - og vere beskytta mot dei største farane...

Når eg køyrer til Erdal mot den gamle fergestaden Revsnes til Vindedal, - er eg glad for andre vegar, tunnelar&Fodnes! Der er det mange spor etter ras - resultata etter ras vert ikkje fjerna eller reparert så fort på sånne vegar...
Strekninga utanfor busetnaden frå Erdal til Vindedal har såpass lite trafikk at ein kan finne balansen og kontrollen over sykkelen, utan for mange andre trafikantar...
og ein kan øve på unnamanøvreringar og bremsing og denslags - såkalla rustfjerning for dei som syntest dei kunne det ein gong før - i fjor eller noko slikt...
På veg ut over køyrde han hin eit godt stykke bak meg på sykkelen sin - han hindra bilen bak der han "låg" i venstre hjulspor om det kan seiast at det er er det på ein såpass smal veg - då køyrer du midt i vegen...

Den barske 4-hjulsdrivne bilen som nådde oss igjen hadde ikkje høve til å køyre forbi han hin og stresse opp meg - som dreiv og leita fram køyretryggheita på MC'en framfor! Sjåføren innsåg at han likegodt kunne vente litt til før han køyrde over Aurlandsfjellet - kanskje han skulle opp og sjå på den nye utkiks- og kunstprosjektet og finne roen...

Kneet greidde godt å vere på MCsykkeltur - så eg trur kanskje på litt rundturar i fylket likevel - i feeerien.....

Kvelden før stogga lensmannsbetjentar ungdomar som køyrde med passasjer på mopeden. Eg er glad for at dei visar at dei ser dei...
I tettstaden ser ein fleire eldre damer som synest det er tryggare å sykle på Bui, enn å gå på glatta om vinteren  - og ungane syklar åleine på vegen, lenge før det tilrådde 10årsbelet.
Eg ser mange ungdomar som er van med å sykle med hendene i lomma, - då er balansen i orden!
Ungdomar på 16 og bittelitt har kanskje betre kontroll enn eg trur, på laurdagskvelden hadde dei hjelmar - synest det er verst når dei er utan hjelm - lettkledd hud er ikkje så beskytta heller...

Viktig å få testa grensene - tilogmed for MCjenter i vaksen alder - utryggheit er dumt på ein grøn halvstor Honda shadow også...

2 kommentarer:

  1. Her har det førebels vorte nokre turar til Hjelle og heim att. Balanse, gir, blikk langt fram er nok. Unnamanøvrar er ikkje til å tenkje på enno. Køyredress og hjelm ligg og ventar på trege tollarar - snart ei veke no. DET blir oppsving frå crosshjelm og briller!
    Fint at kneet held - då er det berre å kose seg.

    SvarSlett
  2. har i det siste handla hjå dei greie karane hjå Bullfighter i by'n - likar slike som med eit smil alltid har ein større storleik!!!
    Elles hjå Idar i Sogndal...
    Køyr framleis vakkert!
    No har han hin fått nok straum til intercom'en på sin sykkel så den ikkje lenger berre tappar sykkelbatteriet - så verda vert vakrare...

    SvarSlett