tirsdag 13. juli 2010

Skodda ligg nesten ner'i hårgarden - det er godt feriever -

Får ordna så mangt når det er fint nok ver til å vere ute og fint nok ver til å vere inne...
Lang fredeleg føremiddag, jaudå - vi trur framleis at ferien varer evig...
Kjem heilt sikkert til å sy i dag - og bake litt kake for frysaren også!
Sit og filosoferer over at det har vorte for lite søppel i Årdal, då tenkjer ein gjerne at det er bra - for gjenvinningsfirmaet er det tydlegvis ikkje! Kunne ha tyda på at årdølene har vorte flinkare og laga mindre søppel pr person,- men det er vel på bedriftsnivå dei største endringane i leveransar har kome. Får tru at det vert tenlege tenester på det området att, etter kvart!
Dette er ei sak i kategori med at Årdal ikkje lenger er på toppen i bruk av pengar på Norsk Tipping pr veke, - det går attende med årdalssamfunnet - mindre søppel og mindre til tipping!
Skulle nokon ha ynskje om å sjå Fridtjofspelet på Vangsnes og vitje oss samstundes, så tek vi ansvar og er nok på Målrock på Årdalstangen! Nemi i dag er lånt frå bt.no!

Han hin køyrer traktoren med beitepussaren bakpå og knuser graset slik at det går attende til naturen...
Traktorservicemannen kjem over fjellet for å sjå om traktoren i morgon - då er det greitt at alt traktorarbeidet er ferdig...
Har baka muffins - og gjort klart til fleskepannekaker til middag, dei skal berre steikast ferdig når han hin er komen oppatt i tunet. Det er nok bondekjerring ein skulle ha vore - tenkje seg til alt ein hadde fått gjort då...!!!

I ettertid har eg kome over Norges største grasklippar - ikkje noko for Iseki'en det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar