fredag 9. juli 2010

Pollensliten og heimeverande - ferie frå i ettermiddag.

Astmaen er tilstades slike vakre dagar - sjukemelding og fredeleg heimeverande...

Fann Fjellkua på postkort hjå Ann Granlund - må visst ta ein Ålandstur ein vakker dag og gå på bui SALT, reiseminnebutikkar kan vere så mangt!

Om tre månader er det dagen før dagen i Jeriko - arbeider med orientering til dei hine som skal vere med - og verdsvevsida til Vennskap Jeriko - Lærdal. Deter 36 grader varmt der i dag.

Ein fin dag for å sitje på trappa med sunn lønsj og eit kaffiglas og kike på turistane!
- så eg låner endå eit bilete på Flickr som har vore publisert siste dagane.

Etter(lønsj)skrift: Hadde ein hyggeleg prat under lønsjen med godt vaksne turistar frå Dokka som hadde kome over Sognefjellet og Turtagrø til Øvre Årdal . Til si store glede slapp dei å køyre over fjellet for å kome til Lærdal, men kunne køyre langs fjorden!  Vegen frå Fodnes var ikkje innteikna på kartet deira, - det har skjedd litt i dei siste 20 åra på samferdsleområdet sånn rundt om kring her også...

Han hin snakka om å oppdatere GPS'en sin i går kveld - i eit slikt perspektiv, er eg ikkje sikker på om vi treng det når eg ser verda slik dei gjer det på  Land!

Sein-etterskrift: Har hatt vitjing av slekt på gjennomreise austanifrå til den fagre dalen midt i fylket - 3 korger jordbær i den store stettaskåla med kesam vanilje til.
Jau, den aller første smaken av jordbær er spesielt god - og endå betre når det er så seint på sommaren! Allerbest vert det når ein sit i bakhagen og kan snakke om viktige ting i livet som gode jordbær og overnattingsplassar i Lærdal!

Tante og Onkel hadde vore innom hjå vener på Gol og kom med ei gåve til meg derifrå - ei aldeles rykande fersk bok signert av Runar : Ting talar - "ei uhøgtideleg bok frå Hallingdal om tingas eiga historie" - Line Sandvik og Runar Foss Larsen, utgiven av Hallingdølen  - og den er fole fin! I fjor var fotoutstillinga Ting til Ulf Palm - vist på Gamle-Kiwi, museumsfoto frå Nordfjord.  Det er ein slik ting på kvar side - i tillegg talar tingen gjennom teksten som fortel om den konkrete tingen og historie rundt eller sett i ein samanheng,- retteleg så ei bok for meg!

I kveld starta syklistane som for egen motor syklar Jotunheimen rundt! - og desse karane kom først fram!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar