torsdag 15. juli 2010

På spa-opphald i Provincen

Det er så mangt han hin vil ha gjort medan han er i 30åra! I relativt lang tid har 3 store gruslass venta på å verte det ein kan kalle jamna med jorda! Det greie hadde vore å nytta ein traktor med frontlastar seier han hin, - den gamle Isekien og vi to ordnar det mellom regnbygene innan gjestene byrjar å kome.
Det er berre to halve gruslass som no står at og ventar på ei siste økt..., - så vi rekk det - eg og han hin og Isekien med skuffe bakpå!
Vi kan også forsikre gjester om at vasstrykket er attende til det det var før klokka 6.35 i dag - for då fann vasspumpa ut at den også trong litt service, - det naturlege trykket er litt lite på desse kantar. Rørleggaren skulle ikkje på ferie før i morgon, så det gjekk heilt greitt. Med ein liten reservedel og litt arbeid, var dette klart relativt tidleg på dagen.
Vi var på Vikøyri for å få ordna litt nødvendig utstyr, etterfylle med litt andre matvarer enn det dei har på bui i Osen - og ein tur innom blomsterbui og naturlegvis på ostebaren for å nyte eit grovt rugbrødstykke med 3 store skiver fersk gamalost dandert med rømme og tytebær...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar