søndag 25. juli 2010

Fjellsiden - Sandviken - Herdla og nørst i Øygarden

Vi hadde ein lang frukost.
I årevis har vi planlagt å køyre MC på øyane utforbi Bergen, - på tide å verkeleggjere - skulle berre innom Bystudenten ein tur først. Vi stolte på GPS'en som valde ein litt utradisjonell veg. Vegen hadde vore spanande med MC, men ikkje med stor raud kassebil!
Ein av naboane til denne døra hadde parkert slik at det var naturleg å rygge opp til neste hårnålsving - manglande koordinering mellom sjåfør og trafikkassistent/skribent førte til at han hin køyrde på blomsterkrukka som sto til høgre for trappehella.
Vi skreiv beklagelseslapp med namn og nummer og putta i postkassa, - og lovde å kome attende med ny krukke neste dag. På veg utover til havet var det naturlegvis søndagsopne blomsterbutikkar - der fann vi både fine krukkesett og blomster til vertinna i Vognstølen
Siste etappe på søndagsturen vart å plante om frå den knuste krukka til den nye blå. Krukka til venstre var knust av ein kvan annan - så vi sette krukke nr to på trappa til huseigar. Vi la ny lapp i postkassa, og vel heime i Vognstølen kom takke-sms frå huseigaren. Krukkene hadde vorte knust fleire gongar medan ho hadde budd der - og ho syntest visst vi hadde gjort meir enn opp for oss,- i motsetning til andre uheldige sjåførar! Vi hadde også eit ærend til ein hekkeeigar på Askøy - han hadde fått låne ei hekkesaks av Storebror. Han tipsa oss om raspeballmiddagen på Herdlevågen Gjestehus.
Det vart ein søndagsmiddag som heldt lenge, vi enda opp med å handle fleire boksar Ben&Jerry's is på Holbergsplass i by'n, før vi tinga kaffi og melde vår ankomst attende til verandaen i Vognstølen. Inderleg godt med så mykje stor himmel og stort hav!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar