søndag 14. mars 2010

Tankar kring stoffavhengigheit.... og sognesøndag i sol og snø!

Nokre - som meg, og andre eg kjenner - har mykje stoff, - ganske mykje stoff - og likevel så handlar vi stendig litt til.
Eg vart tildømes mobba, trakassert - eller ok då, - vennskapleg erta - då eg også fann eit par rosa stoffbitar i koffertane frå Anny på Eldhuset på torsdag. Eg hadde med meg den ferdige framsida til "den rosa" - og nokre meinte vel at eg ikkje trong meir rosa, no...

Eg likar at det er vert nytta eit høveleg og skikkeleg saumrom. Når saumrommet er for smalt på feil stoff, der ein formeleg ser kor den stakkars sytråden fungerer som livline - gjer meg nesten vondt. Eg har to år på kjole og draktsaum i fjern fortid - (før gymnas og universitet) - så eg veit kva saumrom skal brukast til...
Jarekanten på stoffa eg nyttar, kastar eg med lett hjarte! Det har eg gjort sidan eg lærte det på Kjole og draktsaum og fekk utdanninga som eg i velvillige augneblinkar kallar 2/3 skreddar - det nokre reformar sidan at ungdomar kunne ta ei slik utdanning...
(- ein regel galdt på -70talet også - ein fekk berre 5 år vidaregåande - så det vart med det utan fagbrev som skreddar, likegodt det kanskje, - eg vart ikkje lærar på vidaregåande i historie og samfunnsfag heller...)

Men sjekk her - og resultatet!

Nei, eg får ta meg alvorleg saman - for ikkje å verte jarekantavhengig, også!


Etterskrift 1:
Har køyrt gjennom solstrålar og er komen midt inne i ei snøbyge - som ser ut til å kome frå ingenting.
Er komen dit havet og himmelen er større!
Det er ei stund sidan vi har vore her no, men alle potteplantene har overlevd, - har vorte flink til å finne ut kva som greier seg åleine. Det knitrar godt i omnen, - vi set på varmevatn og varmomnar via mobil på førehand, - så det står ikkje på, - men det er ekstra kos med omnsvarme og stearinlys.

Har fått med meg eit fylkesårsmøte på Leikanger - eller vel eigentleg heller Hermannsverk - og vi avslutta med ein tur ned i kjellaren til Cafe Herman - kan framleis ikkje anna enn tilrå ein matstogg der!
MMS'en frå Eldhuset tyder på at dei har kost seg på søndagsskulen hjå Jorunn - glad for det! - meir bilete kjem derifrå!

Etterskrift 2:
- men heilt alvorleg, - ikkje sjekk denne om du er redd for å måtte hekle litt i vår!

5 kommentarer:

  1. - og meir av slaget her:
    http://selvageblog.blogspot.com/

    Var det nokon spesiell du sikta til då du skreiv om "andre" du kjenner?

    Har du forresten sett Laura Gunn sin valmueserie?
    http://tinyurl.com/ygpsccl
    Eg ser for meg nokre vesker i slike stoff. Og ja, eg berre måtte - i går. Seks yards :o)

    SvarSlett
  2. Nydelege valmuer, - vesker, så absolutt ser eg føre meg vesker - men sååå mange yards - då kan no litt gå til lagring, også då! - men kva med alt silkestoffet? Nei - tenkte ikkje på noko heilt spesielle, meir at via verdsveven og i nabolaget oppdagar ein gjerne at ein ikkje er åleine om slik stoffavhengigheit!
    Eg strauk sengeklede og dukar under 5 mila i går! Tv'en på syrommet er godt plassert, - det er veldig godt å ha så god tid eller å ta seg så god tid til stryking og høgvyrdige tomme tankar avogtil - ein stor haug med denslags har venta lenge no...
    Når slike haugar med strykeklede forsvinn, viser dei halvgjennomsynlege skuffeseksjonane under skråtaket - fulle av nydelege stoff så mykje betre og arbeidslysta boblar!
    - og så dukkar den nydelege bamsen opp på selvageblog - sydd av jarekantar som eg verkeleg har kasta med lett hjarte -

    SvarSlett
  3. Berre to yards med valmuar - og to med muslin. Så litt striper frå valmueserien. Likar godt stripestoff til lukkekantar - spesielt litt uregelmessige, slik som her. Fine kroklisser også!
    Silken skal modne litt. Tenkjer klede her. Og eg er ikkje den mest proffe syerska. Men eg kjenner ei som er langt på veg skreddar :o)

    SvarSlett
  4. likar også stripestoff til lukkekantar -!
    enkelte var langt på veg skreddar...

    SvarSlett
  5. Thanks for the link to my blog and my teddy bear! Sadly I don't understand your language, and the Google translation makes no sense either, but I'm hoping you are saying you like my work!!

    SvarSlett