Sit på Gaupne hotell etter ein fin start på kurshelga til Luster Quiltelag. Eg deltek på veskekurset til Bente Malm.
No når eg no endeleg fekk kobla meg opp til verdsveven, renn det inn nydelege bilete av ein vakker ny Vancouvergut med mamma Haifa frå Jenin i Palestina og pappa Ben frå Vancouver i Canada.
Med klump i halsen og fuktige augekrokar - nyt eg bileta som kjem via verdsveven.
Vi kom naturlegvis til Gaupne litt seinare enn planlagd, - var innom hotellet og fekk ei rask lita omvisning slik at vi skulle vite kva vi kveldsmattilbod vi hadde etter kursavslutning. Dette kan ganske enkelt anbefalast! Det er fem av oss på kurshelga som bur her! Vi avslutta på Gaupne skule klokka 22.00 og sat i TV-stova og naut ulike kombinasjonar av kveldsmat - ein tekopp og ein strull kan også vere godt!
Kurset starta klokka 18 med første fellestreff klokka 20 med kake, kaffi og frukt. I morgon kjem også dei som deltek på nybyrjarkurset og barnekurset, det er lagd til rettes for ei spanande helg!
Eg syr ei svart dongeriveske, med rosestoff som forstoff og eit kustoff som dekorstoff - med andre ord - dette vert MI veske! Har teke ein del bilete allereie - vert lagd ut på søndag - om ikkje før!
Dagen starta med sterke meldingar frå HelseFørde om nedlegging av Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus - det kjem eg nok attende til!
Ha en fin kurshelg, - takk for hyggelig kommetar over i bloggen ;-)
SvarSlett