onsdag 10. mars 2010

Ny kuveske!

 Den raude tråden sin versjon av Ida-veska til Bente Malm!
Er nøgd med å vere ferdig, nøgd med utforminga den fekk,  - og ja det vert nok fleire!
Ida-veska er rimeleg tekkeleg i forma, for meg var det naturleg å tenkje på nokre litt rampete val!
Eg hadde med rimeleg mange ulike stoff til Gaupne - og valet vart så absolutt gjort, der og då.
Anne Kari si veske har eit heilt anna utttrykk - i svart lin - med "brune strekblomar", der eg nytta kustoff - og ein blåfarge som vel eigentleg vert intenst blå, istaden for deler av den raude, - og den ser heilt ansleis ut!
Den neste skal nok heimatt til Dalevegen - så får vi sjå om det kjem ei til ein god heim i Sunnfjord - men trur den er for lita til skuleveske!
Sikkert den rette veska å møte våren med!
Våren ER komen og fjella rundt forbi har byrja å gje slepp på steinar og snøfenner...



Er uroa for så mangt slike dagar - Thor Bjarne Bore seier det på denne måten i bloggen sin i innlegget Ord i Midt-Østen og i Norge !
Slik kjem det til uttrykk hjå Al jazeera US: Israel undermining peace effort.
Peter M. Johansen  skriv om kolonisering av Vestbreidda og Amal A. Wahab fortel at også Oljefondet får avkastning frå koloniseringa av Vestbreidda og Astrid Meland fortel at i busetjingane finn ein både dei ultraortodokse og dei sekulære som har gleda over at desse bustadane er særs rimelege. 

1 kommentar:

  1. Lekker veske i beste, gjennomarbeidde Bente-stil!
    Svært så passande for kugale damer - trur eg må tipse Monica i Eidsdal om denne her :o)
    Ser ut som det har vore ei vellukka helg.

    SvarSlett