lørdag 3. april 2010

Påskeaftan - med eit glimt av påskesol...

Godt å vakne til kjensla av påskesol - fann fram påskekyllingane frå den skuffa i skåpet i stova som har plass til slikt! Ein skikkeleg sur pålandsvind mot svaberga her i Feios gjorde til at det var naturleg å få med seg Påskelabyrinten! Vi held helg og let vere å halde fram arbeidet med klippe epletre..

Har starta tankearbeidet med å skaffe noko pingvinstoff - lokale stofflangarar som Desiree på Sande og Lappestua på Eid har tydlegvis ikkje akkurat no. Det er ho i den gode heimen i Sunnfjord som seier ho kunne tenkje seg å byte ut kustoffet med pingvinstoff - tenkjer det slik at eg må ha ein bit som er minst nokre og tjue x vel 10 centimeter...

Sidan vi skulle ha søndagsgjester måtte vi naturlegvis ut til meir sentrale stok av bygda - og Smia måtte takast bilete av før Sognekraft og Vik kommune nyttar den felles gode vilja til å fjerne eller flytte Smia. Naturlegvis måtte det også takast eit bilete av den store parkeringsplassen nedan for Vikjatunet, vi har ikkje sett at den parkeringsplassen har vore full når det er Gamalostfestival i bygda ein gong, men vi har kasnkje vore heldige...
Plenen der skiltet til Vikjatunet er plassert er så stort at det sikkert kunne ha parkert opptil fleire Sognekraftbilar der, om det skulle stå om.

Wikipedia om Påskeaftan

1 kommentar:

  1. Har nett sjekka ressurssenteret mitt. Der er høner, elefantar, hjortedyr, bjørn, isbjørn og delfinar - for ikkje å nemne alt etande og blømande. Men altså ingen pingvinar.
    Her, derimot:
    http://tinyurl.com/yg3zmcv
    er nok akkurat det du ser etter.
    Så går det jo an å fylle opp konvolutten med litt anna snop når ein fyrst er på handel.

    SvarSlett