torsdag 15. april 2010

Kortreiste kyr

Fasinerande å høyre på nyhende ein dag då luftrommet er stengd i heile landet, og varsla tyder på at det iallefall vert slik dei næraste dagane og i tillegg potensiell transportstreik: Det er høgare beredskap i det meste av landet, sidan helikopter ikkje kan nyttast til sjuketransport . I Sogn og Fjordane er det ikkje høgare enn vanleg seier dei på NRKsf fordi dei er van med så høg beredskap i.e., det er så vanleg at det er problem for ambulansetrafikken i lufta...  Men det er høgt trykk på buss og tog. Oska øydelegg flya. Det er altså ikkje siktproblematikk som stoggar lufttrafikken på våre kantar - denne gongen.
Mediastudentane frå vidaregåande i Sogndal er på ein av flyplassane som har London i namnet,- Gatwick. For 4 år sidan vart studentane stogga av skodde,- men då var det London Airport Stansted og i følge Bystudenten såg det komfortabelt ut på bilete i 2010  - dei har jo tilogmed stolar!
Slike dagar får fram i mediabiletet at folk har så mange grunnar for reiser...
Yr.no har andre illustrasjonar enn vanleg!
Asken skal ikkje vere farleg å puste inn for slike som har tungt for det ,-som meg.
Viktig difor at det ein kortreist illustrasjon, kva er vel meir kortreist enn ein heimelaga løpar  - det er ei stund sidan den vart ferdig - utan at eg huskar når, men laga til det forrige spisebordet...
Kyramotiva er tekne frå kjøkkenhanddukar i bomull/linblanding - enten var desse kjøpte i Traben Trarbach i Moseldalen eller så var det nokre kvite kjøkkenhanddukar som var det, -dei var kanskje ikkje så kortreiste likevel - mnehei -  kanskje dei vart kjøpte på Princess eller liknande på Sogningen for "årevis sidan" - lagervare! Eg nytta lysekvite bomullsstoff i skeiv tømmerkoie/log cabin mønster  og kvilta tett.
Spisebordet vert nytta kvar dag - og då er det greiast at slike løparar er verkeleg vaskbare - vert vaska på 60 grader og tørka i tørketrommel. Greiast slik!

Viktig å finne publikum heime i alle typer media - ikkje høyrer eg på p3 og ikkje ser eg Paradise Hotel, men Sylvfest likar eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar