tirsdag 20. april 2010

Snart sykkeltur

Denne vesle figuren vart handla i Traben Trarbach i Moseldalen for nokre år sidan. Vi var på ein tur via Sandefjord lufthamn Torp med Ryanair og Nor-way Bussekspress og Torpekspressen - og naturlegvis fann eg den kua! Sitjande på ein raud scooter - med sparebøssefunksjon - sikkert 30 cm høg - naturlegvis det heilt rette for ein kvan som likar raude bilar og raude syklar, med løyve men utan eigen sykkel! Eg makta ikkje risikoprosjektet med å freiste få den store figuren med meg heim, - eit av substitutta var altså denne coole kyra. - ( og det vart MC etterkvart, men grøn... )
Enkelte av MCsyklistane i Sogn har hatt ei alternativ tidtrøyte 1.mai - den såkalla rustløysinga på flystripa på Haukåsen. Eit tiltak som har vore arrangert av trafikkstasjonen og motorsykkelklubbar og andre gode krefter for at ein skal få øve innatt motorsykkelferdigheiter etter ein lang vinter...
I dag har han hin MCsjåføren i heimen funne ut at rustløysinga er overført til Førde og flyplassen i Gaular 15.mai. Det vert langt å køyre, men dette får vere av dei gode tiltak vi er glade for å dele med sunnfjordingar og nordfjordingar  - det er behov for det, fordi ein treng også å manøvre rett tidleg i sesongen. Det er stor forskjell i kor synleg ein er på ein MC og i ein stor raud 2 seters kassebil... Blei trist no nett når eg les denne artikkelen på bt.no. Moralen i dag vert difor: Ver budd på å sjå oss etter vegen!
Det vart visst ekstra viktig å låne denne Nemstripa frå bt.no, også!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar