mandag 26. april 2010

Muffins på gang før klokka 8 - og litt til...

                  Har alltid hatt stor beundring for sånne som smell i hop ein perfekt sukkerbotn medan dei tørkar av kjøkkengolvet. I dag har eg ein sånn nesten husmoderleg augneblink. Skulle ha tørka over kjøkkengolvet, - men det får eg gjere etter at muffinsane er ferdige.
Eg skal på ryddedugnad i verneområdet - plukke søppel og rusk etter ein lang vinter. Dugnaden tek til i det eg er ferdig på jobb - og startar med ettermiddagskaffi/te og kaker - og så deler vi det kommunalt tildelte området mellom oss og går på ryddespasertur!
Om litt er muffinsane klare i omnen -  det er vel 2 timar til eg skal på jobb - og eg har eit hav av god tid...
Retteleg så ein god start på veka!
Vi testa ei kaffimaskin på laurdag - vert å rekna som kvantitetstid, vil snart innom Kaffimisjonen!

Etterskrift: Det vart ein laaang dag, no er det visst berre ein halvtime igjen før det vert ny dag - og ein del skrivearbeid står att, før det er natt. Det var ein del søppel å rydde i år også - det høyrer liksom med, - og eigentleg er det ganske triveleg og sosialt å gå nokre timar saman med folk i nabolaget og plukke søppel! Det gjer litt godt å få ein aldri så liten glorie av prektigheit sånn ein gong om året - "har rydda!" . Og naturlegvis vert det dobbel glorie på meg i dag som baka muffins tidleg på morgonen... - Det går fort over...
Det mest utrulege funnet på søppelrunden var ein tannprotese - sånt vert ein naturlegvis funderandes på, - kva har skjedd?!?

Det som absolutt toppar seinkvelden her ved maskina vert denne artikkelen i Firda. Av dei mange nydelege karane som Naustdal har fostra - så er så absolutt Kjartan og Oddvar av dei meir fargerike - om enn på kvar sitt vis!
Eg trur eg dristar meg til og låner biletet av Firda.
Eit framtidig kuprosjekt til Budeia på Sanden i Naustdal.

- og eg smiler breitt med tanke på det kubiletet eg valde for denne dagen for 16 -17 timar sidan - det var godt det ikkje var ei ku blå idag!



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar