søndag 18. april 2010

Drit i å danse - på showpakketur i by'n!

Deilig å sitje og drikke te på eit hjørnerom oppe i høgda (høiden) på Hotel Norge - utsikt over Torvallmenningen/Fjellsiden og vite at frukosten er open til 11.00
Mellomskrift - ferdig med frukost - sola skin, og vi skal gå og finne raud 2-seter i Bygarasjen og køyre på kaffibesøk hjå Bystudenten og Ingrid!

Etterskrift - Sola skein fint heilt til vi sat i Bygarasjen, då kom haglskura - og så gjekk det over til snø - vi åt Ben&Jerry's is og drakk kaffi - og eg fekk det fine teppet hjå Ingrid som ho har hekla. Legg ut eit fint bilete i måndagsbloggen!
Var noko uroleg for vermeldingane - men den verkelege snøen kom ikkje før i natt - så vi reiste heimatt i sømeleg tid - og sovna straks vi var heime!
Det er bra vi også skippa dansinga, og i staden avrunda kvelden/natta på eit utpakningsrom på hotellet - dei finst framleis - stort rom med sovealkove, langs veggar var det rikeleg med hyller og benkar som selgarar/engrosfirma nyttar når dei presenterer neste års kolleksjon av eit kvart - og midt på golvet ei sitjegruppe med utvidingsmogelegheiter og røykeveranda - sosialt og kollegialt!
Når først hotellet hadde for få enkeltrom - var det greitt å gje slike rom til større grupper fra provincen...
Det var relativt fullt på hotellet i helga, ein del sat oskefast og kom seg ikkje vidare - og så var vi ein del i frå "nærområdet" på bergenhelg.no





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar