fredag 2. april 2010

Langfredag - frå stappfull 70årsfeiring på hytta til nesten åleineferge over Sognefjorden!

Vi hadde ein lang start i ein god heim i Sunnfjord, - på ettermiddagen for vi på bursdagsfeiring på hytta i Ormekråa på Fimland - ein fin ettermiddag med mykje slekt og naboskap. Då allersiste syskenbarn kom frå Røde Kors-vakta si, var papptallerkenane tekne i bruk...
Ein sprek og flott onkel -  han kan litt meir om gener og arv han, - og til dømes viktige kvalitetar med Røroskyr!
Vi valde å køyre til Dragsvik via Høyanger og Balestrand - det er ikkje mange som er ute og fer ein sein langfredagskveld - svingingane i trafikk vert heftige ei påskehelg også over midtre delar av Sognefjorden til Vangsnes  Dei fleste vel av heilt naturlege årsakar  Lavik/Oppedal og Mannheller/Fodnes... når dei må krysse Sognefjorden.
Vi skulle naturlegvis til perla Feios!

Det første av dei svart/kvitebileta eg har lånt hjå fylkesarkivet viser Fimlandsgrenda, og "i Garå" der slekta har halde seg ein del generasjonar,- er bortimot midt på biletet.
På biletet i midten er oldemor Gunnhild, Bestefar og Bestemor, - og eg går ut frå at det er dei to eldste ungane deira - onkel Per og Mor, - i såfall må biletet vere akkurat 80 år gamalt. Bestefar Ola og Bestemor Borgny gifta seg i desember 1926.
Overraskande fann eg desse bileta då eg leitte i fylkesarkivet etter bilete av grenda - og naturlegvis vart det mykje mimring av slikt...
Wikipedia om langfredag


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar