onsdag 21. april 2010

Møteveker...

Når ein er medlem av forskjellig lag og organisasjonar hopar det seg opp i enkelte periodar, ein del aktivitetar i frivillige lag er naturleg knytt opp mot marknader, faste aktivitetar som årsmøte og sesongavslutningar. Det er ei slik møteplanleggingsveke no - neste veke også - men då ynskjer eg å vere litt meir fråverande...
Det var dette med den frie fritida då, - det vert ei prioriteringssak - men det er mangt eg ikkje ynskjer å prioritere vekk...
Det eine møte omhandla verdsvevsida til Jerikolaget, som organisasjonen Vennskap Jeriko-Lærdal også vert kalla. Heile husstanden ser fram til å reise komande haust - eg ser fram til å kunne dele desse opplevingane med dei hine.
Å vere med og bidra i formidlinga er fint, - sjølv når det er ikkje gjort på dei mest profesjonelle måtane. Det kan vere ein måte å beskrive slike tilfeldige band som veks fram berre fordi eit formannskap såg at det også er stor likskap mellom desse to kommunane - vatn og sand - jordbruk og turisme...
Eg tenkjer framleis på utstillinga i 1998 - Frå ørkensand til elvegrand - under same himmel.
Og eignaluten av ein biletserie som Jens Hauge gjorde den lokale versjonen av som viser ein postmann, ein bonde, ein skuleelev, ein ordførar, ein lærar, ambulansesjåfør osv frå begge kommunane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar