søndag 25. april 2010

Med sykkel på søndagstur

Det var nysnø laurdagsmorgonen - bjørkelauvet er ikkje utsprotte til 1.mai  i år - likevel kan vel sommarsesongen snart starte. No er også min sykkel frakta frå vinterlagring til heimen, og framleis med hjelp av  ein praktisk rampe og ein stor 2seters bil! Eg likar raude bilar og syklar best - den eg har utan motor er raud - så det får halde førebels.
I nabobygdene ser det ut som om våren er komen bittelitt lengre - det var "nesten" museøyre på bjørka - vi gjorde litt hagearbeid der syklane står vinterlagra og såg at rosene er komne bittelitt lengre enn her - blomsterbedda våre har berre grå-grøn-brune fargar - så her må noko gjerast til 1.maitoget fer forbi!
Wikipediaprimstaven fortel at det er Markusmesse , Markusdagen, og Store gangdag og primstavmerket er blad på en kvist, ein fjærpenn eller ein fugl.


1 kommentar:

  1. Det ser meg akkurat ut som vinterlagringa har vore på Teigane. Har observert godlyd i bygda fleire gonger no. Våren er herleg!

    SvarSlett