onsdag 28. april 2010

Life begins at fifty

Det regnar i by'n, eg har vore nesten berre snill i heile år, - skulle dei vaske byen - så kunne dei ha gjort det før!
Eg tek den gule regncapen på - og møter verda berrføtt i sko, - likevel!

Etterskrift - Mykje vakkert skal tenkjast og seiast og skrivast om restauranten Cornelia på Kjøttbasaren og den islandske servitøren der - vi kan ikkje anna enn tilrå ein femrettars meny! Godt, berre godt!

- og dagen-derpå-etterskrift...

Det er så mykje vatn i skyene her i by'n -
Brunello på svært sein lønsj der Bystudenten allereie hadde gjort seg halvferdig bok - før vi endeleg kom.
Vi småsprang mellom dei store fine buene, og fekk naturlegvis handla med oss forskjellige viktige ting på fleire av dei - til øverst i krysset Vetrlidsallmenningen og Lille Øvregate til ei flaske sprudlevatn til fleire på To Glass - og så vidare til Cornelia - så mykje god smak i små fine porsjonar i godt selskap  - og så på veg heim innom Scruffy Murphys - som i følge han hin er stampub'en vår - iallefall til MCklubben vår - og no har vi begge vore der..

3 kommentarer:

  1. Tek sjansen, og seier:
    GRATULERA MED DAGEN!
    For eit fint, rundt tal. Korleis går det med afp'en?

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Eg kunne nesten hatt EL og itforbundet på gli til å fronte AFP frå 50, - men så kjem ho Clara i HelseFørde og hennar kompisar og øydelegg alt - så vi trillar seng i 1.maitoget istaden for og slår ring rundt sjukehuset - og står saman med dei hine om det! - så eigentleg har eg ikkje snakka så mykje meir om AFP'en min...
    Du veit inntil i går kunne eg ha snakka FOR DEI ELDRE, - no vert det meir å mjøle til si eiga kake - så eg trur eg ser stort på det og jobbar for sjukehuset vårt i staden...

    SvarSlett
  3. http://laerdalsjukehus.blogspot.com/2010/04/demonstrer-for-sjukehuset-1-mai.html

    SvarSlett