mandag 12. april 2010

Kjøkkenvindu

Har to kjøkkenvindu - dette er det med minst utsikt - men med relativ mykje innsikt...
Gata mellom bygningane vert vel nesten å rekne som ei geil, - avstanden var stor nok den 25.juni 1968, då nabobygningen - eit flott sveitserhotellbygning brann. Då vart dette huset redda av at det var heilt prikkandes vindstillt og eit brannsegl som dekka austveggen, - fint det!
Dei ligg endå tettare mange av bygningane her på Øyri, det er ein av årsakane til at det no er montert eit trådlaust nett av brannalarmar i fleire etasjar i alle bygg, også dei mange uthusa - innanfor Verneområdet - så snart veit dei på vaktsentralen i Florø, når eg brasar i grytene..
Interessant å sjå at arbeidet som er lagd ned i brannsikring av verneområdet har medført at Lærdal kommune har også fått finansiert med stor hjelp frå Uni og Riksantikvaren ekstraordinært utstyr som kan nyttast i heile kommunen,- det forsvinn stundom i slike leiaromtalar...
Halve året er det ein del fotgjengarar i denne gata også, difor må kappa vere tett! Elles er eg nok mest oppteken av at mest mogeleg lys skal sleppe inn. Det gjeng stendig opp for meg at nokre hundre kyr ikkje er for mykje å rekne, iallefall ikkje om ein ser på det BT legg i Bergensrekordar som 4000 teikneserierelaterte ting og eg har framleis færre enn 10 kyranøkkelhankar, i motsetning til han på Vallaheiene i by'n som har 1000!
Vi har fleire gongar sydd saman eit 2-etasjers juletre. Vi har rett nok ein relativt stor 2-seters bil, men den er ikkje lang nok til å frakte einebuskar frå Sprakehagen i 4-5metersklassen, eller høgda frå golv første etasje til tak i andreetasje. I ein krok i taket i trappeoppgangen, festar vi ei lenkje og i den har vi "sydd"/knytt fast einebusker og -greiner slik at det ser ut som ein stor einebusk, pynta med lyslenkjer og småstillt juletrepynt - kvifor skriv eg om dette - jau fordi enkelte syr saman ein synteziser - sjekk denne!  "Syntjuntans agenda är att stimulera kvinnors nyfikenhet på teknik och elektronik, uppmuntra dem till att själva bygga instrument och ta för sig mer av experimenterandet och lusten kring görandet och musiken." - det er bra!

Eg får ikkje til lysbildevisning av kuregisteret mitt på Flickr, - d kjem nok...

3 kommentarer:

  1. Jobbar i morgo - men tek gjerne imot gjester seinare, når smaken er tilbake. Det held seg godt i frysen, veit du. Trur du må få tittel budeie, med den samlinga kyr.

    SvarSlett
  2. Eg synest framleis at eg er stoffavhengig og lir av kugalskap dekkjer bra...
    Burde kanskje ha vore innom i flaskebutikken din og kjøpt eit kvart styrkjandes!

    SvarSlett
  3. Ja, somme hevdar at det hjelper -.

    SvarSlett