søndag 25. oktober 2009

Sundag, om dagen derpå - og om korleis sår hals kan vere ei glede...


Eg vakna grytidleg der eg slokna i gårkveld, - vinden ruska i huset - og eg hadde usigeleg sår hals...

Eg sørga for ein mjukstart på denne dagen då eg skal starte fordøyinga av turen - augekrokane har vore ekstra fuktige eit par gongar allereie...


Eg starta frukosten med vakre tankar om ei koffertoppakkerske på Ben Gurion flyplassen i Tel Aviv, som i gårnatt i 3 halvfire tida, syntest det var naturleg å tenkje på dei to glasa eg hadde i kofferten som sprengstoff...

Ho gav meg to val, dei kunne pakkast i ein spesiell boks og sendast som spesialgods eller ho kunne opne dei og undersøke dei med instrumenta sine...
Eg gjekk ut frå at spesialboks betydde både ekstra ventetid som ho presiserte og ekstra kostnader - og var ikkje klar for det. Ho fann ikkje noko sprengstoff - og teipa dei usigeleg godt igjen -.

Sidan ho hadde opna dei, var det jo ikkje noko å spare på, difor har eg laga meg ei høgtidsstund ved datamaskina,-

Eg drikk te søta med honning frå YWCA og et rista grovbrødskive med Bitter Orange Marmalade frå YWCA. YWCA Jericho - KFUK Jeriko

Eg veit eg vil vitje desse kvinnenene rundt bordet på YWCA huset i Jeriko igjen, sjå smila og gleda dei deler med kvarandre over bordet medan dei sit og produserer ulik sesongbasert mat for glas, kjøleskap eller frysar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar