fredag 2. oktober 2009

Distriktradioen er 30 år

Gler meg over nesten all lokal musikk i Nrk SFj! Erindrar med eit smil då Magni kom til by'n for å lage valsending med utgangspunkt i eit hotell i Bergen, og då Birger fekk låne ei datalinje og ein benk på ei trapp til ei direktesending frå Lærdalsøyri. I dag var Odd Njøs god!
Kosar meg med jubileumssendinga, - ein treng noko trygt og godt når ein skal legge inn og bruke nye program i datamaskina, - denslags er det vanlegvis andre i husstanden som gjer...
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/556042
Det er mangt det er greitt å ha einkvan til å gjere, - iallefall når det er slik at alt skulle ha vore gjort forlengst. - Andre tider er det aller finaste å ta seg tid, finne, lære, forstå og rekke å kjenne at det fiksar eg. Det er alltid eit problem når det vert for mange ballar i lufta samstundes, - men trur stendig at det meste kan løysast, - gjennom ballspel med fleire.
Biletet :
Storfeimport - allersiste ku som kom med Anna frå Tsjekkia!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar