lørdag 24. oktober 2009

Heimreisa frå Jeriko

alt vel...

skriv meir i morgon...

Dette var det eg skreiv i går kveld, eg tek meg endå i å skrive å med aa... ikkje meir enn ei veke skulle til for å koble vekk automatikken med bokstaven å som lillefingerbokstav på høgrehanda....



Heimreisa starta frå hotellresepsjonen der vi etter beste evne sat og sløva eit par timar medan stripynta gjester gjekk mellom toalettfacilitetane og det store lokalet nær lobbyarealet, der ei gruppe underheldt...

- litt dansbandinspirerte bilete på netthinna blandar seg inn når eg skal beskrive dette, - band som spelar på Alexandra i Loen eller på Skei hotel - uendeleg betydeleg mindre alkolhol - og uendeleg betydeleg høgare hælar på damene...
Vi budde på eit internasjonalt hotel, det vart sagt at dette var palestinske gjester frå ulike deler av  Israel som kom på helgatur til Jeriko. Jeriko har hatt vinterferiebystatus i tusenvis av år...
( den siste utsegna skal eg beskrive breiare seinare...)

Maxitaxien var ikkje større enn den vi hadde då vi kom til Ben Gurion natt til søndag. Svært mange av dei vel 20 kilos tunge koffertane måtte plasserast inne i taxien!
Sjåføren gjorde seg forstått på sjekkpunkta at vi var på veg heim no, - så det gjekk utan større hindringar.
På Ben Gurion gjekk vi i lange korridorar og store hallar dekka av sandstein - og ein del har flotte marmormosaikk - mange flotte oppbyggelege plakatar...
I avgangshallen vart vi raskt geleida inn i ein av slusene som galdt problematiske gjester...
Vi hadde god tid, særs god tid,- til å sjå på ulik behandling av ulike reisande...
I taket hang kamera forkledd som lampe og unge utspørjarar kom og gjekk, - og naturlegvis sa nok både kroppsspråket vårt og talen vår i mellomtida - noko anna enn det vi bedyra munleg med eit smil...

Jaja - koffertoppakkerska mi var iallefall høfleg - det skal ho ha, - der ho sto og rulla forsiktig ut glasa med bitter appelsinmarmelade og honning som var pakka inn i velbrukte klede...

- og gåvene mine hadde eg på meg eller i meg..., elles var den tyngre litteraturen eg bar,  ikkje gåver - men opplysningsmateriell... så eg laug ikkje om det eg hadde i kofferten...

Endeleg ombord i flyet, - sovna eg før dei hadde starta sikkerheitsrutinane, - vakna då frukosten var 3 rader unna, åt den - og sov før dei hadde rydda den vekk... og vakna like før vi landa i Wien.
Fleire av dei andre gjorde unna turen på same måten, dei fleste av oss sat på enkeltplassar mellom tysktalande eller amerikansktalande gjester...
I Wien vart det andre kontrollar inn og ut, mesteparten av tida - ein drøy halvtime vart nytta til forflytting inne på terminalen...

Frå Wien til Gardermoen er flyreisa kortare - og flyet mindre og trongare - lunsjen var to rugbrødskiver med cottage cheeseliknade osteblandig med noko ekstra i og eit glas kvitvin..

Gjekk på grønt på Gardermoen, halvflaska som var kjøpt på nedovertur var framleis forsegla i posen sin i kofferten... - og honningen og bitterappelsinmarmeladen var jo sjekka ut som sprengstoff...

Jan Geir venta på oss ute på parkeringsplassen sånn litt over eitt - Mari og Jostein forlet oss for sine eigne heimreiser til høvesvis Bergen og Oslo...

Vi stogga på Flå for mat og kaffi og småstogga for å lage mms-illustrasjon av snø i fjella til oppmerksome vertskapspersonar som lurte på om vi snart var heime...

og Jan Geir frakta oss alle vel heim - og hadde ein ekstratur innom her fordi eg ikkje sakna ryggsekken med tyngre litteratur og kaffi/te... - men då var eg allereie komen i dusjen...


Dei første bileta eg tok laurdagsmorgonen var av taxien til Jan Geir, - og ja eg greidde å tyne ut nok straum til eit bilete av han som avslutning på turen.

og ikkje greidde eg å fokusere heller i mørkret framfor trappa i Ø27...

-men det eine biletet eg hadde skulle med!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar