lørdag 10. oktober 2009

Ein vakker haustdag på indre Sunnmøre

Ein bruktbutikk knytta til kyrkjelydsarbeid var ei ny oppdaging - eit særs positivt tiltak, ein måte å delfinansierer kyrkjelydshuset som vert bygd i Prestegardshagen. Elles vart det som vanleg lagt igjen litt pengar i ein jarnvarebutikk, ein bokhandel, ein blomsterbutikk, ein sportsbutikk og ein sybutikk.
Og vi saknar framleis narvesenkiosken...
Sløgstad har vorte endra mykje dei par siste åra, mykje brustein, betong og asfalt og mykje blomster -
ein del av prosessen er å lære trafikantane nye måtar å forflytte seg på.
Skafjellet bak Møbelbautaen viser fjellsida som i 1731 ramla ut i fjorden og laga ei større flodbølge som tok med seg både stavkyrkja på Stranda og mange hus langs fjorden. 17 menneske miste livet.

Møbelbautaen er reist under 100års markeringa for den industrialiserte møbelproduksjonen - og starten var i 1908 i eit kjellarlokale i Pålgarden.
Og Pålgarden det er snakk om er Pålgarden på Langlo, og Stranda vart tidlegare omtala som Langlostranden...
Margrete Ringdal har stått for den kunstnarlege utforminga.
No breier lukta av fårikål seg over heile huset - og i morgon er det hjortesteik til middag,- jaudå det kan vere godt å vere heime på indre Sunnmøre også!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar