torsdag 1. oktober 2009

Kugalskap til kvardagsleg glede

I heimen har omgrepet kugalskap, - med eit relativt trasig omdøme, vorte noko som greiast kan omskrivast til ei samleglede.

Den siste kom igår,- med Anna frå Tsjekkia.
I førre månad kom kyr med Hallvard frå St.Petersburg og med Kari Helene frå Amsterdam.

På skrivebordet har eg ei som held briller, og fleire postkort og bilete av Røroskua.
På kjøkkenbenken står toasteren og kjøkkenrullhaldaren forma som ei ku, - i det eine kjøkkenglaset er det akkurat no litt meir enn eit førtitals kyr...

Tenkte at eit bilete av sist ankomne storfe, var det rette å legge ut først.
Biletet er teke med det nye vesle kameraet mitt som skal vere reisefølge seinare i månaden.
Kameraet kom denne veka, litt vel snautt med tid, - og i gårkveld kom Anna med ny ku, før eg hadde fått lasta ned bileta...

- i løpet av føremiddagen håpar eg at eg også har testa korleis bruke dei nye bileta i bloggen..

etterskrift:
1.- ser at innlegget fekk dato og tidspunkt for start av kladden og ikkje publiseringsaugneblinken...
2.- den russiske kua kan halde fram med å vere tiltenkt dette innlegget....
3.- endeleg er koden knekt - det beste av dei to mindre gode testbileta vert nytta...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar