søndag 18. oktober 2009

Frukost i Jeriko!


Ingen arabisk frukostkaffi på Intercontinental - men maten var relativt arabisk... med sterke islett av internasjonal frukost...

Men først gårsdagen, altså 17.oktober:
Vakna klokka 5 - og pakka om for siste gong.
Solheim Taxi venta klokka 7. Thomas kopierte pass, medan eg tok startbileta av maxitaxien med Jan Geir som sjåfør. Vi forlet rådhuset noko forseinka.
Jan Geir plukka opp Berit og Rein-Arne, Iren og Arne, Aud og Lasse og Marianne opp etter dalen, medan Anna og Jostein kom til Gardermoen frå Oslo og Mari kom med fly frå Bergen. Vi hadde frukostpause på Flå. På Gardermoen gjekk innsjekkinga av baggasjen veldig raskt og flyet var i rute.

Vi landa i Wien i firetida og hadde 4 timar i transitt, ikkje verste plassen å vente. Ein halvbrun kafe med god suppe og salat vart nytta som base, det sat alltids einkvan der som kunne passe det meste av handbaggasjen.
- og det var røykedusj der... kun for konsumerandes gjester...

Eg hadde merka meg ein ku-kjøleskapsmagnet som eg skulle handle, - og var nett innom i butikken for å handle den,- då ei veske bad så pent om merksemd!

Flyet til Tel Aviv var større, - allereie no var det varmt nok til å verte irritert over at det tok lang tid å vente på noko å drikke - slik vert det når ein ikkje får ha med drikkeflasker ombord.

Vi landa i rute på Ben Gurion flyplassen i Tel Aviv - i den første bloggen for denne dagen skreiv eg "litt ekstra oppmerksomheit for ei saa stor gruppe til Jeriko..." - var ikkje sikker på om eg skulle fortelje korleis eg opplevde det...
Dei fleste vil nok beskrive kjensla av uvennleg mottaking som sterk, - det har noko med den særs bitchy måten dei oppfører seg der dei sit inne i bura sine, hovedsakleg kvinner, og er i utgangspunktet særs mistenksome og lite imøtekomande...

Maxitaxien venta, den var stor nok til 12 passasjerar, men hadde lite plass til baggasje,- iallefall så mykje baggasje som vi hadde. Sidan sjåføren ikkje hadde trong om ekstraordinære oppbremsingar, så gjekk alt vel!

Passerte Jerusalem som ligg på eit høgdedrag  frå 650- 840 meter o.h. og køyrde austover i nedoverbakkane  til Jeriko som ligg 258 m under havoverflata.


Intercontinental Jericho har ein litt høgare standard enn det vi er van med til kvardags...
- men det juiceglaset vi fekk ved ankomst var vel så deilig som ei enkteltseng på 2x2 meter...

I seng nærare halv fire - vaken som eit lys klokka 7 - stor frukost i restauranten i 9. etasje - og fekk ein noko mjukare start på dagen, skulle møte ordføraren og fleire poltikarar på rådhuset klokka 11.

- og kommentare eg skriv nett før vi reiste i møtet var " D e heitt - fole heitt..."


- og det vart berre heitare...
Likevel fekk vi sett Hishams palass og dei arkeologiske utgravingane der - som viste at vassvegar og oppvarma badevatn har jerikanarane hatt lenge...( skal skrive meir om dette seinare)

Grunnlaget for at beduinane slo seg til her for 10.000 år sidan var naturlegvis vatnet  - oasen - og den varme fine vinteren...
Frå bibelsoga kjenner vi namnet på kjelda Elisjas kjelde, - den er i ferd med å verte bygd inn - og beskytta for forureining... Vi vart også orientert om dei stendig aukande vassproblema ( dette er også eit stort tema som vert skrive om seinare)


I dette området er det fantastiske mosaikk. I området ligg ein skule som vart starta med hjelp frå Italia, då prosjektet var over og all mosaikken var kartlagd hadde fleire jerikanarar lært seg teknikken med naturfarga marmor/sandstein frå området.

I Jeriko er det mange ulike kyrkjesamfunn som lever fredeleg side om side med moskeane og andre heilage bygningar. Heilage kristne stadar er det også mange av i Jeriko. Der Jesus vart døypt er på okkupert område av Vestbreidda, klosteret som etter tradisjonen er bygd over hola der Maria og Josef kvilte på veg til Egypt er midtveges mellom Jeriko og Dødehavet. Og fjellet Jesus var på og fasta i 40 døgn - er der kabelbana tek ein opp til nettopp Mount of Temptation - og ein kan berre tenkje seg til at  Temptation Tourist Center er det einaste logiske namnet på turistbutikken - eller det lokale "Flåm" som eg syntest det var naturleg å kalle det...
Fortauet der morbærtreet som Sakkeus klatra opp i for å sjå Jesus, er ein del av ein russisk eigendom...


Denne første kvelden var vi på vitjing i 3 ulike heimar, fire av oss vitja Marwan, den kommunale tolken og den nydelege kona Fufu - dei var nygifte, hadde vore gift i berre 9 dagar, hadde fått huset som høyrde til faren sin eigendom...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar