søndag 4. oktober 2009

Om å vere i veven - likevel noko ansleis enn Jakob Sande si "Gjenta i veven"...


I forgårs twittra husets yngste om ansvaret for dårleg påverknad - sidan mor både skriv på nettside, twittrar, er på Fjesboki og no også bloggar...
Eg er gjerne med i drøftingane om kva vi egentleg skal borti veven etter... Med andre sin ståstad, treng ein ikkje eingong ha noko å fare med, før ein tek det med i veven, ein treng berre ha eit ynskje om å ytre seg eller ha bruk for å teste eit medium -.
Alternativt kan ein gjere som her, vere innom og fjerne ein tråd og erstatte den med ein ny....
Synest det er naturleg å streve etter å følge ein "ver varsam plakat", opphavsrettar og oppgje kjelder.
Eg ser det vil ta ei tid før eg vert nøgd med bileta eg tek med det nye kameraet - må nok øve ein god del i veka som kjem på å ta bilete - og treng ei oppfrisking på bildebehandling - men det får vente til etter at eg er heime etter den store utlandsturen...
Då skjønar kanskje husets yngste at han har eit visst ansvar på supporttenestene på mor si, ei stund framover også.. - ansvar forpliktar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar