torsdag 22. oktober 2009

- ein dag for visjonar - saag Amman og Doedehavet fraa frukostrommet i dag..

Starten på denne dagen var fantastisk, disen var vekke....

Frå frukostsalen i 9.etasje såg eg Dødehavet  - berre få kilometer unna i søraustleg retning.
I nordaustleg retning om enn betydleg fjernare, viste siluettane av skyskraparane i Amman i synsranda mellom fjell og himmel...
Austbreidda av Jordanelva og Dødehavet er Jordan, Vestbreidda kan vere så mangt - men Vestbreidda av Dødehavet ved Jeriko er ikkje under palestinsk område. I periodar har ikkje palestinarar tilgang til Dødehavet på Vestbreidda, nett no kan dei vitje turistanlegg som det vi vitja seinare i veka, men ikkje alle dagar i veka, og då kun mot betaling... Elles er det ikkje tilgjengeleg område... Biletet er teke ut av vindauga i 4.etasje...


Jeriko er det lavast bebudde punktet på kloden - 258 meter under havoverflata, sett i eit slikt perspektiv er det ikkje så ulogisk at fjella rundt byen er bebygd, også her er det israelske settlements inne på palestinsk område. Dei borar djupt etter vatn - og øydelegg dei naturlege vassvegane slik at det fører til vassmangel.
Under opphaldet vårt såg vi også at kunstige vatningsvegane som har vore i bruk nokre hundre eller tusen år, er øydelagde eller blokkerte. Mengda av vatn på kibbutzane og plantasjane og oppbygginga av nye settlements øydelegg også vassvegane.

les kva Dagbladet skriv om dette.

eller sjå kva Palestinemonitororganisation.org sitt kart frå 2007 viser


Dette var altså dagen for å fare opp i høgda - når Jerusalem ligg på 600- 840 meter over havet, betyr det 1000 meter oppover...
Vi håpa på at det skulle vere litt lavare temperatur - det var det vel eigentleg ikkje denne gongen...

Bussen forlet hotellet klokka 8 om morgonen - vi var vekke i eit halvt døgn... Jerusalem er i luftlinje ikkje så veldig langt unna, men i reisetid vert det lett ein god del ekstra...


- dette er muren - sett opp der vegen frå Jeriko gjekk inn til Aust-Jerusalem.


Vi hadde også høve til å vitje AlQuds universitetet og
Abu Jihad Museüm for th Prisoners Movement Affairs

Vi sto lenge på sjekkpunktet og berre venta, - ein times tid  - men berre ein av oss hadde ein reell årsak til problema med å passere;-  det mangla eit stempel i passet frå flyplassen.
Saman med oss sto småungar med ryggsekk på ryggen på veg heim frå skulen... - tenkje seg til kvar dag... på veg til skule, universitet, arbeid, sjukehus, besøk...
Nokre sjekkpunkt er faste - andre kjem opp på kort varsel.
Vert ein nekta tilgjenge skal ein ikkje be om grunngjeving.
MUREN den er ikkje på israelsk område...



Vi såg også hotellet eigd av Signe Marie Breivik på det norske representasjonskontoret og mannen hennar som er omgjeven av muren og ikkje lenger tilgjengeleg for eigarane.

Sjå Odyseen om Cliff Hotel i Abu Dis ein forstad til Jerusalem      og slik skreiv Dagbladet om det




Vi vitja Gravkyrkja - men vart nekta tilgjenge til dei muslimske heilagdomane på Tempelhøgda - så det får vere til neste gong. Fødselskyrkja i Betlehem vert også utsett til neste gong,- eg rakk den ikkje før stengetid, men prioriterte å handle julekrybbene - hadde eg hatt meir dollar eller shekel hadde det vorte fleire...


- men ei litt større olivenku vart det råd til - og i ein butikk fann eg denne disken...

















Vi køyrde rundt og attende til Jeriko...




Om kvelden var vi alle invitert på middag til Issa og kona hans,-
ikkje visste ho at han var med oss til Jerusalem og ikkje viste ho at mor hennar og svigermor hennar hadde laga mat heile dagen fordi dei visste at vi skulle kome på middag om kvelden...
Eg håpar for deira del at dei ein vakker dag har eit felles liv...

Ein nydeleg kveld i ein ressursrik heim  - småungar leika i hagen... og ei svigerinne såg at Jostein var den rette for eit lynkurs i arabisk...- og kanskje for å understreke at han hadde skills på endå fleire plan, laga Issa kake til dessert på direkten - og det var ikkje fordi det mangla dessertkaker...

absolutt ein dag for visjonar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar