fredag 9. oktober 2009

Ein busstur gjer godt for prosjekt


Når ein sit på tre ulike bussar i ein femtimars tid, alle tre - særs fulle av folk på veg til eller frå eitkvart, vert det rikeleg høve til å lage prosjektbeskriving som ein del av alle tomme høgvyrdige tankar...

Biletet er av eit nytt bygg som hyser toalett, busskur og utkiksplass, - og er plassert ved fergeleiet på Stranda.
På andre sida av Storfjorden heiter fergeleiet Liabygda - andre bygdelag i Stranda kommune er Hellesylt og Geiranger.

Politikardraumen er her som andre stadar djupvasskai - Geiranger har bygd seg opp over nokre generasjonar som ei av dei større cruisekaiane i landet, - utan djupvasskai! No er dei klare til å bygge to - i Hellesylt og på Stranda...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar