lørdag 15. oktober 2011

Ung delegasjon på vitjing frå vennskapskommunen Jeriko i Palestina

Biletet er scanna frå dagens papirutgåve av Sogn avis.

Her er verdsvevversjonen av artikkelen frå Sogn avis

Denne gongen er det ein delegasjon på 9 personar som er på vitjing i regi av organisasjonen
Av dei 9 er det 6 barn og unge.
Dei to yngste representerer Barnas kommunestyre i Jeriko.

Det er alltid ei glede med vennebesøk frå Jeriko -
dei to førre åra har eg vore på vitjing i Jeriko på denne tida.

Dei har eit stramt program med ulike tema i helga og til barnehagar og skular måndag og tysdag.
Opphaldet i Lærdal vert avslutta
med ein kulturkveld i Kultursalen tysdag 18.oktober.

  

2 kommentarer:

  1. De er flinke i Lærdal. Ynskjer deg nokre trivelege dagar saman med gjestene.

    SvarSlett
  2. Det er ei stor glede å vere med i vennskapsarbeidet - har vore med sidan starten i 1998!
    I dag kviledag, eg vaskar opp etter middagen i går kveld, medan han hin og ein del andre er på tur med dei til Stegastein, Vatnahalsen og Skjerdal.
    Du verda kor mange panner og kjøreld det vert med fårefrikassé og ein variant av melokhiasuppe med tilbehør og dessutan karamellpudding med karamellsaus slik Kirsti Offerdal serverte den på Offerdal hotell.
    Eg har ete mine tre jerikanske dadlar - og har senka skuldrane nedatt!
    Det vert nok litt skylling av tårekanalane når eg tek farvel med dei på Gardermoen på torsdag!

    SvarSlett