tirsdag 11. oktober 2011

Dørtepper


Desse to gamle teppa vart opprinneleg laga på 90-talet
 for å skjule innhaldet av to hengehyller i tekstil frå Ikea.
Den eine var til oppbevaring for handdukar, - den andre til barneklede.

No heng dei om sommaren på kvar side av den doble gatedøra vår.
Om vinteren heng teppa også framfor døra,
men då heng det som opprinneleg
var to kvilta sengeteppe i ubleika bomull frå Ikea bakom desse husteppa.
Ikeateppa er litt lengre enn høgda og betydeleg breiare enn rommet
slik at dei kan brettast mot golvet og gå godt over kvarandre på breidda!

Gatedøra i huset frå 1847, er på ingen måte tett -
dette er ein grei måte å halde varmen innomhus om vinteren -
då nyttar både vi og gjester kjøkkendøra!

Kvifor i alle dagar fortelje om dette?
Eg har lyst på eit av to årsabonnement av Gamle hus, hager og interiør
som Livs lyst har på bloggen sin.
Ikkje heng dei vakkert, - og biletet er langtfrå godt -
men det var dette eg tok meg tid til for å få eit lodd i trekninga!

2 kommentarer:

  1. Pent nok i massevis. Håpar det held til eit abonnement.
    Trur ganske sikkert at eg spotta bystudenten og trønderinna i byen i går - hand i hand :o)

    SvarSlett
  2. Trur ikkje det held til abonnement, - men du veit eg leverer inn 5 vekers-lottokupongar frå tid til anna også, - og i dag gjorde eg tilogmed eit forsøk på 85 mill. i Viking-lotto!-
    - så det skal ikkje stå uprøvd! :-D8 !
    På fjesboki står det at han er grasenkemann i dag, - ekstra god grunn til å være kjærast med Trønderinna i går då!

    SvarSlett