torsdag 9. juni 2011

Grøne menn i parken!

Dagen starta med eit heftig regnver, - ei uroleg natt med mange tankar til gode heimar i Naustdal og Eimhjellen.

Ein føremiddagstur på Pusterommet med styrketrening og spesielt avslappingsøvingane i mørk sal etterpå, gjorde godt!

I det heftige regnveret gjer det som eg har skrive før, godt med underjordiske korridorar.
I ettermiddag kom sola igjen, på veg mellom hotellet og Parkbygget passerer eg desse to karane i Parken framfor Gamle hovedbygning.
I vinter har eg fleire gongar hatt lyst til å gje dei nokre varme plagg slik tildømes bloggaren Strickkontakt gjer det!

Eg har feriejobb, - vertinna i Vognstølen er på ferietur til Paris (med stort omland) - eg passar blomane hennar!
I dag har eg sendt meldinga Mission accomplie fleurs!

Etterskrift - fann ikkje namnemerke på statuen - men huska etterkvart at eg skulle søke på nettet!

Tiggerne av Gustav Vigeland

Bloggen Petunia har brukt Tiggerne som ein av mange bergenske statuar som illustrasjon på ABC i ord og bilde.

2 kommentarer:

  1. Desse karane brukte å skremma meg i seine kveldstimar når eg gjekk over sjukehusområdet når eg budde i Vognstølen og song i Årstad. Desse og det tomme Med B-huset heilt på kanten...

    SvarSlett
  2. Det har vore smått med passeringar i seine kveldstimar med meg - men ja, heilt eining - dei er vanskelege å gå forbi utan å ta stilling til!

    SvarSlett