søndag 26. juni 2011

Følge reglane eller kanskje ikkje...

Katharine Hepburn: "If you obey all the rules you miss all the fun!" - eller dersom du fyl alle reglane gjeng du glipp av all moroa.


På Picasaweb med overskrifta
No rules for Julie viser Lynne Tyler
også prosessen til denne quilten.
Ho har verdsvevsida The Patchery Menagerie - som stendig gler meg med noko nytt eller fint.


Bokstavar må eg gjere noko meir med før sommaren er over - eller kanskje i dag sidan sola skin så fint!

- men her gjeld det å iallefall å følge ein god regel - å stryke godt!




Mellomskrift: Valde å ikkje starte med bokstavar i dag!
Eg har vore på syrommet og stroke alt som låg og klar til denslags.
Dessutan bladde eg i ei av UFO-prosjektskuffene og fann ut at eit anti-fatigue-tiltak i tillegg til å trene skal vere å gjere ferdig 1 quiltateppe til - har eg ikkje gjort noko større prosjekt ferdig sidan teppet til Frilund.
På Pusterommet fekk eg vite sist fredag at eg også kan få treningsoppfølging på rekvisisjon etter at eg er ferdig med strålebehandling!
Mellomskrift ferdig!!!


Stitchery kjem inn under skulle-kunne-gjerne-ha-gjort, tildømes også som ein variant av sjokoladekua til Drømmequilten!

Det tek nødvendigvis ikkje så lang tid til å starte og gjere ferdig små prosjekt. Oftast innser ein at DET var ein god ide og let vere med å gjere noko meir medan ein let den gode tida segle forbi.


I staden for handsaum i stitchery, - kan ein gjere andre raske val:

Selvage blog har lagt ut ein YouTubevideo av maskinsauma drodlesauming som P.Nosa har gjort.
Det går veldig fort, -  når ein har øvd ei stund eller har eit nært og godt høve til symaskina si!

På P.Nosa si verdsvevside ser det ut til å vere mange alternative kunstformer - men under punktet sewing fann eg mangt som eg både smilte breitt av og kom med ettertenksame hmm av - fekk lyst til å drodle med symaskina...


Startkurs i friquilting med maskin? - her er to videoar på verdsvevsida til Carol Brungar Madness and mess !
- eller kanskje ein burde nemnt starten på øvingsoppgåvene hennar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar