onsdag 8. juni 2011

Sommar i Bergen!

Åt frukost ute framfor restauranten på hotellet i dag!

Det er deilig å gå til "duk&dekka bord",
men du verda kor godt det er å ete litt i fred og ro åleine - i skuggen av eit tre med fuglesong!

Eg strikkar raude blad til åttebladroseteppe - det går forbausande fort!

Eg har ei håplaus synål, trur eg bør finne meg ein bybuss for å kjøpe nål i fineveret - då har eg ærend!

Har stråling og legetime ettermiddag - så eg rekk nok det!
Dessutan fekk eg lenkja til ei krokodille av MagFly - og treng litt oransje finull også!


Gårsdagens styrketrening var rimeleg lang og hard, - men eg har det ikkje FOR vondt!
Stråletimen vart framskunda, så eg vart stråla i pausen mellom to "undervisningsopplegg for slike som oss" på Pusterommet -
Fysisk aktivitet og kreft og Ernæring og kreft.

Frå den første - all aktivitet gjer livet betre og følgefeila forsvinn, eller vert lettare!
Frå det andre: eg og alle andre bør ete linfrø og tran & 500 g frukt og grønt , - og menn med mannekrefttypar bør dagleg få i seg tomatsaus; - der er varmebehandla tomat og olje poenget!
Mellomskrift - eg gløymde visst korsblomstfamilien - der bør vi alle ete meir!

No har eg funne eit skjerf som kler inn sårbare område - og går ut i sola!

- og koppen og blekkboksen den er levert i er handla på Ting på Bryggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar