fredag 24. juni 2011

Verda er vakker - med enkle midlar!

Etter strålebehandlinga i dag, var eg til strålesårbehandling.
Eg er klar for å forgylle slike kvardagspraktikarar som brukar det dei har, til å løyse det som trengs!
Dei ordna det heile med hjelp av Mepilex og ei netting sjukehustruse!!! - som i ein svært oppklipt versjon, no fungerer som ein form for bh! Det viktigaste er likevel at den held silikonputa på plass under arma, for resten av huda toler heller ikkje tape! Såret gror ikkje fast i silikonen som den ville ha gjort med ein bandasje - og det aller viktigaste, det vert ikkje ureint i såret og silikonputa sug opp sårvæska som er der uansett!
No kan eg likevel glede meg til dei komande vekene.

I tillegg kjem yndlingsfrisøren min til Bergen på tysdag med hurtigbåten frå Stavanger -
ho skulle ha teke litt med øyrene og litt i nakken, - så langt som det har vorte der, -
men allermest skal vi kose oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar