søndag 12. juni 2011

Solstrålar finn meg!

Endeleg lette i veret!
Er midtfjords, der havet og himmelen vanlegvis større enn heime på Øyri.
Han hin henta meg på Sognebåten i Vik på fredagskvelden, akkurat der gjekk skiljet mellom fint overskya opphaldsver til lett yr - medan det regna heftig innerst i fjorden.

Her har skoddedisen hengt nesten "ned-i-hårgarden" i helga, - stundom har den gått heilt ned i strandkanten.
I går ettermiddag og kveld forsvann også Leikanger frå horisonten. Han hin rakk likevel å få knust alt graset med traktor og beitepussar, før det var for mykje helg!

Eg kosa meg og freista få helgefreden innomhus, strikka raude deler til åttebladroseteppet mitt, høyrde radio og leste nettnyhende - det er vel mykje vatn på veg til havs både her vest og austafor...

Elvi i Lærdal vert stendig større, - den har grave heftig allereie og sett mangt under vatn...

Mange har ikkje fått den pinsehelga dei hadde planlagt - men eg ser blå flekkar i det lysekvite skydekket.
Yr.no fortel at det ikkje skal regne meir medan vi er her - synest det er heilt greitt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar