tirsdag 21. juni 2011

Sommarsolkverv - ser likevel mot lysare tider!

I dag klokka 17.16 er det sommarsolkverv - dagen med lengst daglengde.

Dagens ku - ei krysning mellom Eiffeltårnet og ei ku - naturlegvis!!!
Det er stendig manglar i fransken - une tour de vache eiffel!
Pariserkua er naturlegvis spesialimportert av Kari H. som nett har vore på dei kantar.

Bystudenten etterlyser 13-16 åringar til årets to vekeslange sommarkurs i Studentradioen - nokon blogglesarar som kjenner nokon? Info om kurset.

Har to veker igjen på Haukeland hotell. No har huda under arma fått noko meir stråleskade som eit brannsår - den "slepp" når hud gnissar mot hud.
I føremiddag la eg på saltvassomslag og let huda tørke istaden for å gå på styrketrening, - eg var ikkje klar for meir kjempesår hud!

Vi feira Bystudenten og Gudmora hans sine åremålsdagar i går, med jordbær og is, to små Hvite damer frå Lie Nielsen og kransekakestenger frå Henry Helgesens konditorier.
Lie Nielsen har endå betre Hvite damer enn Helgesen!


Det hjalp ikkje med dobbel stråletime førre veke, eg fekk likevel ikkje reist til Nordfjord i gravferd.
Eg fekk blålys, ei natt på sjukehuset og MR istadenfor. Han hin kom også til by'n på torsdagskvelden, sidan det vart så mykje ekstrabestyr - det var leitt å ikkje vere tilstades i gravferda, men godt at Bystudenten var der for oss!

I helga var det marknad - og eg gjorde ingen verdens ting -.
Det var nok den første utan eit einaste oppdrag - det var godt!
Det betyr ikkje at det ikkje vart handel!
Men nytta betydeleg meir tid til berre å sjå på!

Søndag var det godt nok ver til å grille til og med!
Bystudenten hadde hatt med nøttekake og aprikosmos til å fylle den med frå Mormor, så dagen hans vart feira på førehand med kakeselskap også.

Kjenner eg gler meg til å verte ferdig med stråling no - har hatt ein kviledag i dag - skal på fotballkamp i morgon Brann - Sogndal cupkamp på Brann stadion. I denne samanheng er eg Sogndalsupportar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar